Årsmelding for Hjørundfjord kulturvernlag 2007

Førre årsmøtet vart halde på Sagafjord hotell, laurdag 19. mai 2007.

Per Atle Røe opna møtet kl.1900. Det var 24 medlemer til stades. Innkallinga, årsmeldinga og rekneskapen vart godkjende. Deretter var det val på nytt styre.

Det nye styret :

Styremedlemer:

Varamedlemer:


 Valnemnda:

Dette årsmøtet var også ei markering av at Hjørundfjord kulturvernlag runda 10 år. I samband med det, fall det naturleg at restaureringshandverkar Thomas Hustad fekk ei påskjøning. Han har vore innleigd til større og mindre prosjekt i gjennom alle desse 10 åra. I tillegg har han lagt ned ein respektabel friviljug innsats. På same årsmøte kom det ogso fram, at frå fyrste driftsåret i 1997 til no, har me fått tilført omlag ein million kroner til ymse restaurerings- prosjekt i Hjørundfjorden. I tillegg kjem tilskot, gåver og dugnadsinsats innan kommunen.

Som vanleg har det vore ein heil del synfaringar, og mesteparten av dei i Storfjorden (inste delen av Hjørundfjorden). Christ Allan Sylthe, hjå fylkeskonservatoren, har delteke på fleire av dei. Det var likevel ei stor synfaring i ytre enden av fjorden, det galdt dei fråflytta strandgardane, Molaupen og Strandabøen. Med på synfaringa var fleire i frå eigaren, som er kraftleverandøren Tussa A/S. Andre inviterte var: Ørsta kommune, ein representant frå landbruk og skogselskapet, fylkeskonservatoren ved Brit Hansen og ein styrerepresentant frå kulturvernlaget. Frå vår side er me særs nøgde med at Tussa alt har teke til med rehabiliteringsarbeid på Strandabøen, og ser fram til positivt samarbeid vidare.

Bakkegarden på Åkre, med løda frå 1550, det hittil eldste registrerte grindbygget i landet, er det største restaureringsprosjektet som er under arbeid. Innsatsen no har vore konsentrert om stova, ogso frå 1500-talet. Mykje er gjort, men enno stend det att ein del før me kan ta til på sluttarbeidet, som vert å få på nytt torvtak. Det er til stor inspirasjon i arbeidet vårt her, at eigaren Marita Bett Jensen er engasjert, deltek i planarbeidet og har visjonar for drifta av tunet vidare.

Arbeidet med vassaga på Skjåstad, er kome langt, det me vonar på å få til i år, er å kome i gang med sloket og vassrenna.

Notanaustet på Bjørke har vore eit gjennomgangstema i fleire årsmeldingar. Det er eit stort og krevjande prosjekt som tek tid å gjennomføre, men i 2007 vart murarbeidet på det næraste ferdig. No, i starten av dette året, har me teke til på sjølve trekonstruksjonen og vonar å få huset tett i inneverande år. I samråd med fylkeskonservatoren har me laga ein grovplan for den innvendige delen. Enden mot sjøen skal stå mest mogleg urøyvd, og med opphengde nøter, som me har von om å få tak i. Som so mange naust og andre uthus, var det kledd med båtbord, eller båtsbræder som dei gjerne sa før. So langt me får det til, vert det kledninga på denne delen. I fremste enden vert det båtar og utstyr, og målet er å få plassert båtane slik at dei på ein enkel måte kan sjøsetjast.

Notanaustet ligg i enden av ei naustrekkje, der nokre av nausta var i bruk alt i 1770-åra. Kor gamle dei då var er det ingen som veit. I eit av dei stend ein færing som var kjøpt i 1841, om han då var ny eller brukt er uvisst.

Me innsåg at å få tak i nok båtbord til å kle heile naustet vert uråd. Då vegger av or har ein lang tradisjon i fjorden, bestemte me oss for å bruke det på resten av bygget. På Hustad i Bondalen, er det ein frodig skog av storvaksen or. Både Irene Volle og Kenneth Hustad, i Halvardgarden og Bodil Hustad Ekset, i Olagarden, synte stor velvilje og gav løyve til hogst. Det vart til at me fann dei trea me trengde i teigen til Bodil. Medlemer av styret hadde nokre dugnadsdagar og felte ”storåre”, vinsja dei til veg og fekk dei oppsaga til bord. Dette er nok den største dugnadsinnsatsen i dette året, og trea fekk me heilt gratis!

Dette året var det sogelaget som hadde ansvaret for den årlege kulturvandringa, som var lagd til Stenes. Sjeldan har det vel vore samla so mykje folk under det mektige Stollberghornet.

Som det gjeng fram av årsmeldinga, er mesteparten av innsatsen til laget knytt opp til dei store prosjekta innst i fjorden. Når desse er fullførde, stend nye tiltak i kø og ventar lenger ute. Då det er begrensa kor mykje offentlege tilskot me kan få, og det hev minka på gåvemidlar i seinare år, er me heilt avhengige av dugnadsinnsats for å kome vidare. Då folketalsutviklinga i ”Den vakraste fjorden i verda” hev hatt ein negativ tendens siste åra, er det svært kjærkome om utflytta Hjørundfjordingar, og andre med sans for kulturminne, kan hjelpe til med dugnadsarbeid. Me hev mykje å ta vare på og mykje å vere stolte av. Dei som har lyst og overskot kan ta kontakt med ein styremedlem, og seie i frå.

Hjørundfjord kulturvernlag har ca. 120 medlemer. Då årspengane kjem svært godt med, vonar me at fleire vil melde seg inn, og dermed støtte arbeidet vårt.

Til slutt vil me rette ei takk til alle som har hjelpt og støtta oss i året som har gått.

 

Rise 26. april 2008,
Kjell Arne Årseth, skrivar