Årsmelding for Hjørundfjord kulturvernlag 2006

Førre årsmøtet vart halde på Bondalen grendahus, sundag 23. april 2006.

14 medlemer hadde møtt fram, då leiaren, Per Atle Røe opna møtet. Årsmeldinga og rekneskapen vart godkjende, og det nye styret blei valt.

Etter at dei vanlege årsmøtesakene var avslutta, orienterte Ivar Svein Mo om bygdeutviklingsprosjektet. Han gjekk og nærare inn på planen, for kvart enkelt prosjekt. Per Atle Røe tok so føre seg to nye prosjekt som laget vil arbeide med. Det eine er Jobrua, på Frøland. Dette er ei kvelvingsbru frå 1800 talet, som har fått skade i ein flaum. Det andre prosjektet er Urselet i Nøvedalen, der berre murane står att. Per Atle målbar so tankane sine, omkring nytten av arbeidet som laget gjer, med tanke på den aukande turistsatsinga i Hjørundfjorden. Den saka som skapte mest debatt, var om kulturvernlaget skal forhandle om  overtaking av presteløda, og eit område rundt. Det var semje om at saka er so stor, at ho truleg må avgjerast på eit omframt årsmøte.

Styret i 2006.
Peer Atle Røe, leiar.—Synnøve Rekkedal Hill, nestleiar/kasserar.—Kjell Arne Årseth, skrivar.
Styremedlemer: Trygve Finnes; Helge Nordang og Ivar Svein Mo.
Varamedlemer: Knut Leknes; Halvard Urke og Ingeborg Standal.

Valnemnda: Sverre B. Bjørke; Olav Stokke og Svein Stavset. Revisor: Torbjørn Urke.

Gåver og tilskot:
Sparebank 1 Volda Ørsta: kr. 1500,00 --- Ørsta kommune: kr. 2000,00 --- Hjørundfjordfondet: kr. 1000,00 --- Riksantikvaren/fylkeskonservatoren: kr. 70 000,00 ( til Bakkegarden )

Synfaringar har det vore mange av i år. Me kan kort nemne: Notanaustet på Bjørke, i saman med representantar for Sunnmøre museum. Prestegardsløda på Sæbø. Ellingsfjøsen i Kvistaddalen. Bakkegarden på Åkre, i lag med Christ Allan Sylthe frå fylkeskonservatoren. Peer Atle Røe er kulturvernlaget sin representant i styringsgruppa for ”Hjørundfjorden bygdeutvikling”, og har delteke på mest alle møta der.

Laget har hatt fleire dugnadar. Jobrua på Frøland, vart sett i god stand på ei dugnad i haust. Her har laget ogso hjelpt til med å få den økonomiske biten på plass. Resten av murarbeidet og grusinga vart utført på ein framifrå måte av eigarane, Anne Lise og Andreas Riise, med god hjelp av Rasmus Mo. Saga på Skjåstad har fått hus over vasshjulet, so dette anlegget er no godt sikra. Lars Holsvik, frå Austefjorden, har gjeve laget ein gamal notbåt. Denne vart henta og køyrd til Finnes, der han er lagra no. Det vart lagt ned mykje dugnadsarbeid i samband med den kombinerte jonsokfeiringa og kulturkvelden på Stavset. Ein i frå styret deltok i reinsing av tufta og murane, på urselet i Nøvedalen.

Restaureringa av bakketunet er det største arbeidet som er i gang no. Der har det vore god framgang siste året. Løda, frå år1550, er ferdig og det same er ”gamleenden” av røykstova, frå same tid. No syner det seg at det som me har kalla ”nyeenden”, kan hende er like gamal. Dette er ikkje avklara enno, men Riksantikvaren freda ogso denne delen av huset, no i 2006.

Modellen av gamle Risetunet vart flytta til Sagafjord hotell. I samband med dette, laga me ein fotomontasje frå tunet , som heng ved monteret.


I år var kulturvandringa lagt til Hjørundfjordstranda, og deltakinga var god. Me starta på Brattheim og gjekk frå tun til tun innover. Der ikkje er busetnad på alle bruka, men eigarane var til stades, og fortalde levande i frå garden si historie. Husa er haldne ved like, og hagane var nyslegne, so dette var ei positiv oppleving. Vandringa enda ved Saltreskulen, der Kari Årsnes ynskte velkomen. Etterpå var det friluftsgudsteneste, i samarbeid med soknerådet. Skulen fungerte som fangeleir for russefangar under krigen. Synnøve Saltre Aarskog hugsa godt denne tida, og fortalde frå barndomsminna sine, til eit lydhøyrd publikum. Inne i skulestova var det utstilling av gamle foto. Det heile blei avrunda med mat og kaffi, tillaga og servert av kvinner frå heile stranda.

Fellesarrangementet, i samarbeid med Dei nynorske festspela, var på garden til Linda og Svein Stavset. Dette var kulturkveld og jonsokfeiring på same tid. Temaet var: ”Geitabonden ved Hjørundfjorden”. Opninga var lagt til kulturlandskapet ovanfor husa. Utsynet var majestetisk, med fjellrekka over  Strandabøen og Molaupen på andre sida av fjorden. Per Atle ynskte velkomen, og gav ordet til Svein Stavset. Han fortalde historia til garden og om kvardagslivet som geitabonde. Etterpå fekk me høyre tradisjonelle songar og stev, framførde av Live Liaskar.

Maten som vart servert etterpå, var laga på garden, av eigne produkt. Omlag 100 gjester fekk servert ”geit i kål”, tradisjonelt heimebrygg(kornøl), og nyrøykt villaks frå fjorden.

Folket samla seg etter kvart ved jonsokbrisingen (bålet), og mange svinga seg i dansen, på uvandt grasunderlag. Halvard Urke og Leif Øye sytte for musikken.         

Linda og Svein fortener stor takk for gjestfridomen og alt arbeidet dei la ned.

Eit aktivt arbeidsår er til ende, og me vil som vanleg rette ei takk til alle som har hjelpt og stytta oss i året som har gått. I samband med at det er 10 års jubileum for laget i år, vert årsmøtet halde noko seinare på året enn vanleg, og me vonar at mange finn vegen dit.

www.hjorundfjord.no/kulturvernlaget



Rise 18. mai 2007, Kjell Arne Årseth, skrivar.


 

Rapportering av feil på sida