Underteikna har skrive manus til ei bok som kjem ut i haust. Boka tek føre seg det vidspurde Slaget i Hjørungavåg, der ei stor sjøstridshær av danar og jomsvikingar overfall landet vårt for å drepa Håkon Sigurdson Ladejarl, som då var riksleiar. Leidangen vart for fyrste gong mobilisert her i landet, og våre ættefedra stod opp og slo åtaksfolket. Stridsflota utgjorde meir enn 240 langskip. Sjølve slagstaden har dei siste 300 åra vore mykje omstridd og ukjend. Den islandske nobelprisvinnaren Haldor Laxness har i si tid fåfengt leita etter slagstaden og konkludert med at soga var oppdikta eventyr eller feil, då han ikkje fann noko som høvde. Mange av våre mest framståande historikarar og forfattarar kom heller ikkje til noko løysing.
Det vert her avslørd at fleire kjende personar har gjort namnefeil og konstruert fantasirike løysingar utan historisk dekning, som førde til at staden ikkje let seg finna. Jamvel har det vore dikta til soga for å få fram løysingar, og dei fremste fagfolka våre har for mange år sidan gjeve opp å finna rett slagstad.
I fleire år har eg tidvis vore oppteken av denne soga utan å sjå noko løysing. Det var difor eit medvete vågespel å gje seg i kast med å søkja etter slagstaden, men eg såg for meg at enten nåtte soga vera oppdikta eller at det hadde vore leita på feil grunnlag, og det siste skulle syna seg å vera rett. Eg gjekk fyrst inn i dei tidlegaste forfattarskapa frå 1200-talet ved dei aller eldste membranane i Den Arnamagneanske Samlinga i Reykjavik og sidan fekk eg berrlagt og prova dei feila som vart gjort på 1700 talet og seinare.
Det kan røpast at der vart oppdaga fleire grove feil gjort av tidas autoritetar som førde til at det vart umogeleg å finna slagstaden. Feila grunnar seg i hovudsak frå slette omsetjingar av norrønt, men og forfalskingar, synsing og dårleg lokalkunnskap, og boka er no vurdert som ein historisk sensasjon. Slagstaden vert grundig og presist stadfest i denne boka og prova er overveldande.
I boka vert gåta om slagstaden for fyrste gong løyst etter dei geografiske tilhøva dei fyrste sogene skildrar. Staden vart i dei fyrste sogene kalla med det slåande namnet Tindingarvåg. Og no syner det seg at alt høver presist slik soga seier og ein må konkludera med at soga er rett og pålitande sjølv når det kjem ned til detaljar. Det kan røpast at slaget ikkje stod i eller i nærleiken av den staden mange i nyare tid har trudd, utan et einaste prov eller fagleg underlag i det heile. Når det no er klåra opp i feila vert det lett å finna og prova både slagstaden og den løyndomsfulle øya Primsigd. Boka inneheld og bilete som gjer henne til ein framifrå ambassadør for turismen i Noreg.
Boka er i stivbind på om lag 200 sider med tekst og 10 sider med illustrasjonar og foto, lekkert stivbind og i eit hendig format 170 x 220 mm. Teksta er i lesevenleg Times New Roman 12 fontar og utvald matt papirkvalitet offset for tekst og biletsider. Boka vert fraktfritt levert m/farget omslag. 1. opplag i 1000 eks. på Primsigd forlag. Boka vil og kunne tingast på engelsk.
Det er no mogeleg å førehandstinga boka ved e-post til: Primsigd forlag, johnstrandaboe@gmail.com
Salspris i butikk er fastsett til kr 495 per eksemplar.
Pris inkl. frakt til bokhandel eller lag v/bestilling av
10 eksemplar, avslag 30 %.
Med helsing
John Strandabø
Lagt inn av
john strandabø
05.02.2026 00:19
