I år vart Frå Hjørundfjord prenta i Noreg, og på rekordtid kom boka til Sæbø i dag. Kasseraren i sogelaget, Arne Lied, heiv seg rundt og fekk ho i hus, og er allereie i full sving med køyre ho ut til salsstadane. No er boka, som er på 288 sider, å få kjøpt på Urke Landhandel, Joker Bellingen og Joker Slettedal. Og snart er ho å få på bokhandlarane både i Ørsta og Volda, Aasentunet og der ho elles brukar å vere til sals. Over 20 artiklar variert stoff med historisk sus, slik det brukar å vere!

Takk til redaksjonen, grafikaren (magikaren Kjell Rune Klubbenes) og alle dei som har bidratt med stoff til boka. Historia skriv seg ikkje sjølv!