Strikkefestival vert arrangert fleire stader til ulike tider på året. Mange gode strikkerar har ikkje høve til å reise langt og vi ønskjer å tilby ein lokal festival som fremjar strikking og strikkekultur no som hausten er komen. Vi legg vekt på sosialt samvær og at det ikkje skal koste mykje å ta del.
Program for helga
På strikkefestivalen vert det foredrag, kurs i hakking, workshop for born, marknad med utstillerar med garn og strikketilbehør, sal av brukte strikkaplagg der alle som vil kan levere inn reine plagg dei ikkje lenger har bruk for. Her vert strikkepub på Dampen, felles spasertur, sal av lodd med flotte gevinstar, kafé. Der vil også vere stand med Fikselauget frå Ørsta Husflidlag dersom ein treng å få hjelp til å lære å reparere eit strikkaplagg. Helga vert avslutta med strikkekino og framsyning av filmen SAU ved Hjørundfjord filmteater.
Meir informasjon om dei ulike programpostane finn ein på Hjørundfjord strikkefestival sine profilar på Facebook og Instagram.
Du kan melde deg på ulike arrangement via denne lenka: https://forms.office.com/e/QZsnzzRgfM Betal med vipps: #936873
Vi håper dette blir ein fin helg for monge!
Helsing Hjørundfjord Strikkefestival -