Strikkefestival vert arrangert fleire stader til ulike tider på året. Mange gode strikkerar har ikkje høve til å reise langt og vi ønskjer å tilby ein lokal festival som fremjar strikking og strikkekultur no som hausten er komen. Vi legg vekt på sosialt samvær og at det ikkje skal koste mykje å ta del. 

Program for helga

På strikkefestivalen vert det foredrag, kurs i hakking, workshop for born, marknad med utstillerar med garn og strikketilbehør, sal av brukte strikkaplagg der alle som vil kan levere inn reine plagg dei ikkje lenger har bruk for. Her vert strikkepub på Dampen, felles spasertur, sal av lodd med flotte gevinstar, kafé. Der vil også vere stand med Fikselauget frå Ørsta Husflidlag dersom ein treng å få hjelp til å lære å  reparere eit strikkaplagg. Helga vert avslutta med strikkekino og framsyning av filmen SAU ved Hjørundfjord filmteater.

Strikkefestival program 1

Strikkefestival program 2

Meir informasjon om dei ulike programpostane finn ein på Hjørundfjord strikkefestival sine profilar på Facebook og Instagram. 

Du kan melde deg på ulike arrangement via denne lenka: https://forms.office.com/e/QZsnzzRgfM Betal med vipps: #936873

Ombruksbuda
Ombruksbuda vert ein stand på marknaden der du kan kjøpe brukte strikkaplagg, strikke og handarbeidsbøker, strikketilbehør eller restegarn.
Dersom du har gode, fine ting du vil selje vidare kan desse leverast på Sæbø bedehus tysdag 17. eller torsdag 19. september kl 20.00-21.00. Vi har merkelappar med festivalens logo, der de skriv på pris og vippsnummer ved
oppmøte. Festivalen vil ha 20% av salget. Etter festivalen må ting som ikkje er selde hentast.
Viss du har spørsmål kan du ta kontakt med Regine S Aklestad tlf 47665648.

Vi håper dette blir ein fin helg for monge!

Helsing Hjørundfjord Strikkefestival -