Kva kan vi finne ut med moderne DNA-teknologi?
Ved hjelp av DNA-forskning kan vi i dag oppdage koblingar mellom folk, historiske funn, levande personar og slekter, som kan løyse tusen år gamle gåter.
Hjørundfjorden er og var aldri isolert, så våra slektslinjer strekker seg over heile distriktet. Desse linjene som har eldste ane i andre kommuner vert då registrert i den kommuna, slik som mi linje, den har eldste kjente ane i Sunnylven. Til fleire som testar i andre kommunar, til meir spanande vert det for oss. Nye treff, kan omskrive historia, derfor er det spanade å fylgje med.
DNA-testar i Hjørundfjorden
I Hjørundfjorden har Fjord DNA prosjektet identifisert 41 slektslinjer der eldste ane på farssida er i Hjørundfjorden, 17 av desse er til no testa. FjordDNA har oppdaterte lister på kva linjer som er testa her: https://www.fjorddna.com/linjer/
Av desse 17, finnast det slekt som er av forfedrene til Somerled i Skottland, slektslinjer som kan knyttast til den gamle Sakse-slekta i Bjørkedalen. Den veldig sjeldne G2a-haplogruppa. Ei stor sunnmørsslekt med forgreiningar til Skylstad og Synnesætta
Kva meir kan vi finne?
Kanskje kan vi koble dei 23 resterande linjene til kvarandre? Kanskje finn vi ut din nærmaste slekt bakover i tid er frå dei britiske øyar? Kanskje viser det at di slekt kom frå ein heilt uventa plass? Kanskje klarar vi å bevise at ei linje var her før Svartedauden?
Høyrer du til desse linjene som ikkje er testa, og forsovidt andre utesta linjer også, så er du med på å gjere nybrotsarbeid i vår felles historie om du veljer å teste deg.
Du er med på å skrive historia om, den delen av historia som me alle trudde hadde gått i gløymeboka, kan no atter ein gong kome fram i lyset. Alt som før var berre ville teoriar, kan no testar, kanskje bevisast, men ofte forkastast.
Tre ulike testmetodar
Autosomal: Dette er testen du får om du testar deg hos My Heritage til dømes. Ein kan finne slektskap til andre testarar fem-seks generasjonar bakover. Ei slik testing kan hjelpe deg til å etterforske kven din nærmaste ukjente familie er, om du har det. Denne analysa vert gjort på dei 22 første kromosmoa, My Heritage til dømes bryr seg ikkje om det siste, som er det 23.
Y-DNA: Dette er ei analyse av det 23-kromosomet hos menn. Det 23. kromosomet består hos menn med ei side som kjem frå far, Y og ei side som kjem frå mor, X. Det som er spanade med dette Y-kromosomet, er at ein arvar dette så godt som uendra frå far, så dette er garantert å vere så godt som identisk mellom son og far, og mot brødre. Ein kan vere ganske sikker på at dette er så godt som likt med din farfar, farfar sin far osv. Dette er dei blå personane på illustrasjonen over.
Dette betyr altså at om ein mann samanliknar sine verdiar mot firemenningen sin, som altså delar felles tipp-oldefar, så skal ein klart kunne seie at dette er nær slekt.
Merk det at vi seier at denne informasjonen så godt som ikkje endrar seg frå generasjon til generasjon. Det er sant, men omtrent kvar tredje generasjon, så oppstår det ein eller fleire mutasjonar på denne informasjonen i Y-DNAet, og dette er kva vi kallar ein brødresplitt, at to brødre kan ha litt forskjellig Y-DNA med seg vidare. Endringa er oftast veldig liten, men nok til at ein kan nærmast lage eit slektstre av denne informasjonen. Ditt Y-DNA vert då ei oppskrift på kva mutasjonar som har kome til sidan menneskeslekta kom til. Om vi då samanliknar til slike "oppskrifter", så kan ein sjå kor lenge det er sidan ein hadde ein felles ane.
Desse testresultata seier vi tilhøyrer ei haplogruppe. Ei haplogruppe er ei overordna grein i dette store treet med slektskap vi er knytta saman i. Den mest vanlege gruppa i Norge er I1, deretter R1B og R1A. I Hjørundfjorden er R1B som er den vanlegaste, med R1A og I1 på dei neste plassane. Slike resultat kan ein få ut av dei enklare testane. Og om ein testar med den aller største testen til FamilyTreeDNA, Big Y, kan ein klare å koble dette treet i detalj saman med andre testarar, og ende opp med estimerte årstal for når ein har felles ane med andre testarar.
mtDNA: Begge kjønn arvar X-DNA frå sine foreldre, men det er mitokondrie DNA vi er mest interessert i, dette får vi frå mitokondriane inne i cellene våra, både kvinner og menn kan testast for dette. mtDNA-haplogruppa arvar ein frå mor. mtDNA muterar også, men gjerne så sjeldan som kvar 15-16 generasjon, då vert det til at svært store mengder med testarar har like verdiar. mtDNAer nyttig, men mest for å kunne bevise at ein ikkje er i slekt på morslinja, framfor å bevise slekt, men det kan også fortelje ei historie om kva folkegruppe ein tilhøyrer.
På illustrasjonen er dette då personane til høgre i teikninga.
Eg har allereie teste meg, kan eg nytte den testen?
Dersom du har testa deg med FamilyTreeDNA, så kan du nytte den testen, og eventuelt oppgradere denne for å finne ut meir om dine anar. Dei fleste har testa seg hos My Heritage, dette er same laboratoriet som FamilyTreeDNA nyttar, men det er ikkje ei enkel rutine for å overføre denne testen, så det enklaste er å teste på nytt.
Personvern
Kan nokon klone meg frå ein slik test? Det er ikkje teknisk mogleg
Kan eg plutseleg oppdage slekt som eg ikkje visste om av ein slik test? Det kan du, men om ein snakkar om ein Y-linje og mtDNA test, så er dette gjerne 500-1000 år gamle treff, så det er mest av historisk verdi.
Vert mine DNA-data delt med andre enn FamilyTreeDNA og lokale interesser? FamilytreeDNA har forplikta seg til å ikkje selje noko data frå sine kundar, det er det dessverre ikkje alle selskap som har gjort.
Får eg eller andre vite noko om arvelege sjukdomar som ein finn i DNA-mitt? Nei, FamilyTreeDNA filtrerar ut kjente områder av DNA-testen som inneheld indikasjonar på arvelege testar, det vil seie at du eller andre vil ikkje få denne informasjonen.
To prosjekt
Norway DNA (https://www.norwaydna.no/) er eit prosjekt for å analysere og samle informasjon om Nordmenn sine anar og genar. I Norway DNA har vi lokale prosjekt for Møre og Romsdal. Direktelenke til prosjektet for Møre og Romsdal (https://www.familytreedna.com/groups/norway-mro/about)
FjordDNA (https://www.fjorddna.com/). Dette er eit prosjekt retta mot våre lokale kommuner, for det meste gamle Hjørundfjord, Ørsta, Volda og Vartdal, med ein del treff frå Hornindal. Alle data og testar som vert henta inn via FjordDNA er ein del av Norway DNA prosjektet.
Korleis går eg fram for å teste meg?
Vi nyttar FamilyTreeDNA (https://familytreeDNA.com). Les meir om kva test ein skal velje her: https://www.norwaydna.no/om-dna-testing/hvilken-test/
Ta gjerne kontakt med meg, om du vil vite korleis du kan vere med på dette, send ein mail til rmo@sunnmore.net
Kommentarar