Hjørundfjordportalen » Lokalt » Årets Bondaling 2023

Attende til hovudsida
oeyvind_taklo_aarets_bondaling_2016_ingress (1)

Årets Bondaling 2023

Kven meiner du skal få heidersprisen "Årets Bondaling"?

Bondalen Frilynde Ungdomslag delar ut ein pris til ein person i bygda som har utmerka seg i positiv retning for folket i Bondalen / Hjørundfjord. 

Prisen vert delt ut på 3.dagsfesten på Grendahuset i romjula av representantar i BFUL. Vi ynskjer å ha forslag til kandidat med grunngjeving tilsendt på epost. Det vi ser etter i "Årets Bondaling" kan til dømes vere ei ildsjel som har gjort noko positivt for bygda eller fellesskapet vårt, ei framifrå dugnadsånd, intiativtakar eller pådrivar. 

Vil samtidig minne om at det er mulig å kjøpe billetter til årets 3.dagsfest på Bellingen og via VIPPS (nr. 720903)

Årets Bondaling gjennom tidene:

Årets bondaling gjennom åra

Namn

Grunngjeving

1990

Arne Lied

Pådrivar for bygginga av grendahuset

1991

-

1992

Helge Strand og Jostein Koppen

Kultiveringsarbeidet i Bondalselva

1993

Kristine Lillebø

Nyttårsplakatar

1994

Håkon Otterlei

Marknadsføring og aktivitetsskaping i bygda

1995

Hjørundfjordtroppa av Raude Kross

1996

-

1997

Bruno Hame

Pådrivar og dirigent for koret.

1998

Sæbø brannkorps

1999

Anton Sæbønes og Eldbjørg Tvergrov

Idrett og Hjørundfjorddagane

2000

Jarle Walseth

Sogelaget

2001

Jon Arne Årseth

Cafe Bellingen

2002

Besøktenesta avd Hjørundfjord Raude Kross

2003

Bjarne og Margrethe Rekkedal

Rekkedal Gjestehus

2004

Kari Riise og Alvhild Ville

Damene i det skjulte, spesielt idretten

2005

Bernt Arve Hustad

Innsats for barn og unge i SIL og BFUL.

2006

Ivar Svein Mo

Arbeidert med bygdemobiliseringa

2007

Knut Hustad

Arbeidet på Hjørundfjordportalen

2008

Mari Anne Bjørdal

Arbeidet i idrettslaget

2009

Ann Helene Urkegjerde og Ingvild Åmbakk

Strikkekafeen

2010

Rune Mo

For all dugnadsinnsats

2011

Kanutte og Dagfinn Strand

For bakeriet deira

2012

Bodil Skare

For arbeidet i trimgruppa m.m.

2013

Inge Aarset

Heile bondalens sjefselektrikar

2014

Gunnar Stokke

For Gunnarråsa

2015

Aanon Aanonsen

Stor frivillig innsats for bygda

2016

Øyvind Taklo

Pådrivar for Kapteinkvia og kunstgrasbana

2017

Tor Grunde Simonsen

Stor pådrivar for aktiviteten i bygda

2018

Synnøve Rekkedal Hill og Richard Hill

Engasjert pådrivar for dugnad i bygda

2019 Oddhild Kalvatn og Sæbø Generasjonskorps Pådrivar for å få i gong korpsmusikken i bygda

2022

Nilsbuda, Ingvild Aambakk, Elisabeth Dimmen og Anna Moan

Dugnadsdrift og arbeidet med Nilsbuda

Du kan sende framlegg, med ei kort grunngjeving for kvifor nettopp denne personen fortener å verte årets Bondaling 2023 til vår epostadresse bondalenfrilynde@gmail.com eller ta kontakt med Åse-Lill Leknes Kvistad.
Frist for innsending er 26. desember 2023.
- Bondalen frilynde ungdomslag -
Lagt inn av
19.12.2023 13:26


Tilfeldige artiklar: