Ein draumedag på Hotell Union Øye
Vi velgde ein strålande varm septemberdag med blikstille fjord. Ein "indian summerdag"!
Ein fin gjeng, forventningsfulle og spente var vi alle.
Kjellaug, Oddrun, Liv, Dan Robert og Nina.
Vi velgde å ta sjøvegen over fjorden, eit godt val på ein fin dag.
Det var så varmt og fint at vi kunne sitte ute på båten, vi fekk god hjelp av Daniel til ombord og i lanstiginga.
Nokre sat inne og andre ute.
Mykje gode historier og mykje latter ombord, ein triveleg tur.
Øverst: Norunn og Bishnu og Anne, nederst: Silje Else, Astrid og Elisabeth.
Bishnu, Ingrid, Oddrun, Liv, Kjellaug og Nina.
Vi segla rett forbi hurtigruta Polarlys ,og vi vinka til alle både ombord og i land på Urke.
Ein rask spasertur så var vi ved Hotellet.
Lars jostein var gaid og fortalde mykje historikk både om bygda og hotellet, veldig kjekt.
Vi hadde ei runde rundt om i den flotte hagen rundt hotellet og fekk sjå på alt som er laga til.
Ein planteboge av tunell med blomstrande storknebb var eit av praktstykka.
Liv kosa seg over alt som var å sjå på, urtehage og andre planter, dette var vakkert.
Utanfor oransjeriet var det fint å sitte å nyte litt , ta inn alt ein såg.
Der er det flott tillaga for varme flotte dagar.
Vi måtte vandre inn i dei ærverdige salar, her er Elisabeth og Else ,to flotte dronningar.
Liv som er hotelldirektørfrue, sette stor pris på denne flotte opplevinga, kaffien smakte spesiellt godt når du får den i slike forhold frå sølvkanne.
Eplekake med is til er aldri feil, og så lekkert pynta og smaken......
Norunn har arbeidd i mange år i desse salane, ho har servert mange prominente gjestar.
I lag med mannen fekk ho no verte servert sjølv ,å vere dronning for ein dag.
Invild og Anne.
Maten smakte ekstra godt i dag.
Ei salig ro og historisk stemning må ein sei det var her. Liv, Nina og Ingvild.
Oddrun storkosa seg og var glad for å få vere med på dette.
Janine sette seg ved flygelet og spelte nydelig taffelmusikk til stor fornøyelse for oss og dei andre gjestane, vi heldt på å misse henne då hotellet ville ha henne der fast. Det enda sjølvsagt godt!
Så var det ei omvisning til den nyare delen av hotellet.
oransjeriet med dei flotte møblane og den fine atmosfæra.
Aarflot blomster ordnar friske blomster og oppsatsar til ei kvar tid på hotellet, dette er alltid vakkert å sjå på.
Til slutt måtte vi takke for oss, alle var einige om at dette var ein minnerik dag. Vi kjem til å glede oss over minna lenge og sjå på bilda og nyte ,omatt og omatt.
Til slutt vil vi vise alle dei vakre sommarfuglane som boltra seg i urtehagen rundt hotellet, vi vil oppmode alle til å la humla suse og ta ein tur på Hotell Union Øye, ei oppleving for livet.
Tusen takk for ei flott oppleving!
Kommentarar