Indiefjord starta i 2014 som ein venefestival, og har framleis den same venefestival-stemninga – hit kan ein reise åleine og møte nye vener, eller reise saman med nokon. Om ein snakkar same språket, er ikkje så nøye, musikken bind saman. Festivalen sine verdiar er at musikk og kjærleik er for alle – og at alle skal kjenne seg velkomne til festivalen og til Bjørke.
Legendariske indiepop-band på plakaten
I år er det særleg mange artistar frå Skottland og Spania som kjem, blant anna discodronninga Cristina Quesada. Elles spelar band frå USA, England, Sverige og Noreg rundt omkring i bygda. Ekstra stas er det at i år søkte Darren Hayman frå Hefner om å få spele. Hefner er sett på som eit av dei beste britiske indiepop-banda, og at vokalisten ein dag skulle spele på ungdomshuset Haukly på Bjørke, er det få som kunne sett for seg. Når ein snakkar om britiske indiepop-legender, må også The Chesterfields nemnast. Bandet vart starta heilt tilbake i 1984, men musikken dei gir ut, er langt frå utgått på dato. I fjor laga dei songen og musikkvideoen «Mr Wilson Goes to Norway» som handlar om ein Mr Wilson som reiser til Indiefjord – og kanskje møter han kjærleiken der? Ifølge eit intervju med Say it with Garage Flowers var songen ein indirekte søknad til festivalen. Kven Mr Wilson faktisk er, og om han har vore på festivalen, er uvisst!
Cristina Quesada - Fotograf Dara Quesada
Amerikansk musikar returnerer for tredje gong
Amerikanaren Gary Olson frå velkjende The Ladybug Transistor kjem att for tredje gong på rad. Det kvalifiserer vel til tittelen Bjørke-venn. Også i år tek Gary med seg Ole Johannes Åleskjær frå The Loch Ness Mouse. At dei trivs sånn med vertsfamilien på Finnes har mykje å seie for at desse to karane kjem att. På Indiefjord får nemleg banda bu i lokale heimar eller i gymsalen på gamle Bjørke skule – begge deler like eksotisk! Eit anna band som kjem att, er Tugboat Captain frå England. Konserten deira på Haukly i fjor har publikum kalla ein av tidenes Indiefjord-konsertar – det var som om taket lyfta seg. I år speler òg vokalisten deira, Alexander M Sokolow, på Notanaust-konserten laurdag 8. juli. Denne konserten er gratis for alle. Også lokale artistar kjem. Robert Post frå Langevåg har konsert i Bjørke kyrkje søndag 9. juli. Robert spelte på Indiefjord 2016, men då på Haukly. Søndag ettermiddag vert det konsert i Bakketunet med Anna Nicole og Withered Hand. Alle konsertane er inkludert i festivalbilletten, men til dei to dagkonsertane kan ein òg kjøpe billett i døra. Både laurdag og søndag er det kveldskonsertar og disco på Haukly.
Gary Olson - Fotograf Eline Viddal Rød
Grand Old Lady of the Arctic
Det er lurt å vere på Bjørke allereie om kvelden fredag 7. juli. Då legg ishavsskuta Polarstar til kai – med ei stor overrasking om bord. På Polarstar vert det pub, kafé og overnattingsstad denne helga. Elles kan ein overnatte på Bjørke rom og camping, Bakketunet, Hjørundfjord Hostel eller overnattingsstadar 10-15 minutt frå Bjørke. I tillegg til konsertar på dag- og kveldstid, vert det aktivitetar i heile bygda. Laurdagen brakar det laus med morgondisco, med fossevandring like etterpå – før gratiskonserten i Notaustet. Det vert mat- og handverksstandar rundt om i bygda, guida SUP-turar, yoga, kunstutstillingar og god stemning. Sola er tinga. Vi lengtar etter å leve ut sommardraumen vår, endå eit år.
Kommentarar
JETZT KÖNNEN SIE JEDE ART VON KREDIT BEANTRAGEN UND NOCH AM SELBEN TAG EINE GENEHMIGUNG ERHALTEN!!!
Brauchen Sie dringend einen Kredit?
Haben Sie eine schlechte Kreditwürdigkeit und Ihr Kreditantrag wurde von der Bank abgelehnt?
Brauchen Sie einen Geschäftskredit?
Suchen Sie einen medizinischen Kredit?
Brauchen Sie einen Studienkredit?
Suchen Sie einen Kredit zur Schuldenkonsolidierung?
Brauchen Sie einen Hypothekenkredit?
BRAUCHEN SIE EINEN AUTOKREDIT?
Brauchen Sie heute einen Wohnungsbaukredit?
Brauchen Sie einen Privatkredit?
Senden Sie eine E-Mail an anshloans@gmail.com, um noch am selben Tag einen schnellen und zuverlässigen Kredit zu erhalten. E-Mail: anshloans@gmail.com