Polarstar Oppmøte på kaia
Rigging av konsert på Polarstar. Foto: Ingvild Mork. Mange hadde møtt fram for å ta imot Polarstar fredagskvelden. Foto: Ingvild Mork.

Fredag 7. juli var det stor velkomstfest og det var vel 200 personar på kaia for å ta i mot ishavsskuta Polarstar som kom til kai med band og gjestar. Om bord spelte britiske Tugboat Captain i dét Polarstar la til kai, og dette sette verkeleg tonen for resten av helga.Ikkje sidan første året med Indiefjord har veret vore så strålande. Sola skein heile helga og det var berre smil og glade gjestar og band å sjå. 

358604820_10159270591896604_7584654983307403528_n 358649851_10159270591891604_7256872863610920570_n 358958356_10159270591901604_4721572837986870360_n
Gjestane testa badetemperaturen i Tyssefossen. Foto: Ingvild Mork.
Ingen lot seg hefte av at vatnet var kaldt. Foto: Ingvild Mork. Ein iskald dukkert måtte til. Foto: Ingvild Mork.

358655560_10159270583701604_4003171852797275914_n 20230708_142632 Untitled-1
Morgondisco i Notanaustet. Foto: Ingvild Mork. Andy Strickland frå England spelte ved Notanaustet. Foto: Silja Haddal Mork. Anna Nicole frå Sverige spelte i Bakketunet. Foto: Silja Haddal Mork.

Der var konsertar i "kvar ei krå", utstillingar, matbuder, flytande pub (Polarstar), SUP-brett og ei fossevandring med heile 84 deltakarar. Mange av desse bada i kulpane ved fossen, og det var noko av det kjekkaste dei har vore med på. Musikken spelte nær døgnet rundt – med morgondisco som starta ni om morgonen og kveldsdisco som enda tre om natta. Banda som spelte var frå Skottland, England, Spania og Norge, og gjestane kom frå heile verda. Den britiske artisten Alexander M. Sokolow utbraut entusiastisk at "dette er den kjekkaste helga i heile mitt liv". 


358655560_10159270583701604_4003171852797275914_n
Foto: Silja Haddal Mork

358494542_10159270583681604_5040917053196398421_n
Foto: Silja Haddal Mork


Det var smått vemodig å sjå Polarstar ta med seg gjestane ut fjorden mandag morgon. Brått låg bygda stille, som om ingenting hadde hendt. Bak oss låg ei helg for minnebøkene. 


Silja Haddal Mork