(Ingressfoto teke av Tor Eirik Trandal)
MERK: Dette innlegget reflekterar skribenten sine personlege meiningar og oppfatningar.
Kvesste høygaflar
Eg er sjølvsagt veldig glad for at ferja er berga. Igjen! Ei glede vi desverre har ofte i varierande grad.
For om ein bladar opp Møre-Nytt frå -80/-90/-00/-10/-20 -talet, så er det same artiklane frå Hjørundfjorden som går att; Grendalaga i Norangsfjorden, Trandalingane og Skår kjempar same kampen. Heile tida. Vi kjempar om vegen vår. Vegen til butikkar, arbeid, fritidstilbod og vennar. For enkelte den einaste vegen. Det er heile tida ein kamp om å få behalde ferga, fergetidene og anløpsstadane. Å få være ein del av samfunnet. Å kunne ha ein normal jobb.
Det er framlegg om kutt og nedskjæringar, omleggingar og innsparingar vekselvis om kvarandre.Heile tida med eit litt dårlegare tilbod for Hjørundfjorden som resultat. Dette slit på alle som er avhengige av ferga kvar dag og som planlegg liva sine rundt ferjerutene.
Laksen til unnsetning
Denne gongen vart det altså den mykje omtala lakseskatten og havbruksfondet som vart redninga for ferja, så får vi berre håpe at der vert bedrifter att som kan betale lakseskatt i åra framover.
Det heile enda "berre" med at muligheta til å ta seg til arbeid i normal tid frå Trandal onsdagane ikkje går. Det heldt ikkje med at den var på signal, den måtte kuttast. Signal er forresten eit merkeleg fenomen som turistar og tilreisande ikkje klarar å forhalde seg til. Desse får bryne seg når dei opnar ruteheftet for rute 1136. For 8 daglige anløp er onsdagen no redusert til 3. Siste ferge heim til Trandal er no 15.45. Den andre offerdagen er laurdagen.
For onsdagane skal ferja nemleg på langtur til Store-Kalvøy og Valderøy. Ei rute som på ingen måte høyrer til verken logisk eller geografisk i Hjørundfjorden. Laurdagen også. Men då "berre ein tur". Denne "snarturen" laurdag gjer at ferja er utilgjengeleg i Hjørundfjorden mellom 10.00 og 16.10. Onsdagen er ferja utilgjengeleg mellom 08.15 og 14.50 og deretter frå 16.45 og resten av dagen.
Ta frå dei som har minst er visst mottoet. Men vi veit det kjem.. heile tida.
Vi kvesser høygaflane våre og er klare til kamp kvar gong.
Slaget om Storfjorden
Viddal tapte dessverre kampen om ferja på 80-talet og har no vore avskorne frå resten av Hjørundfjorden så lenge at dei no har mista tilhøyrigheita til Ørsta kommune. Dei valde å verte ein del av Volda kommune i staden. I dragsuget reiste også kraftverket på Bjørke til Volda og mykje faste inntekter til Ørsta kommune forsvann.
Same vegen går skyssbåten som alle vil ha men ingen vil betale for. Tilbodet til Storfjorden har levd på nåde i mange år. Snart er dei heilt vekkskorne frå Ørsta.
To ferjer er billigare enn ei (1+1=1 og A+B=2?)
Det eine innsparingstiltaket var å splitte Hjørundfjorden i to med å sette inn enda ei ferje, noko som fekk dei fleste til å riste på hovudet. Korleis to ferjer er billigare enn ei må ein nok være politikar for å forstå. Men det må verte betre med to enn ei tenkte nok mange, men nei, denne ekstra ferja mellom Trandal og Standal skulle også gå innom Skår. Så langt ingen problem, men skal den gå til Sæbø eller Leknes? Nei dit kunne ho ikkje gå, for det var eit anna samband. For desse ferjene kan ikkje bruke same ferjekaiene må vite. Kontorbestemmelsar som reint praktisk er null problem, men på papiret nær uråd.
Ein fekk til ei løysning der ferja fekk bruke ferjekaia på Sæbø på nåde slik at Asbjørn og dei andre på Skår slapp å reise via Standal.
Nedlegging av Leknes frå Standal/Trandal var derimot eit faktum. Skår fekk leve, enn så lenge. Ferjekaia var eit sørgeleg kapittel etter tiår med manglande vedlikehald. Ferjene nekta å legge til, rekninga ville ingen ta og det spøkte for ferga til Skår IGJEN. Ørsta kommune strekte seg langt og fekk ordna slik at Skår fekk ordna på kaia si. No skulle alt verte bra. Ei stund.
Når ein først har to ferjer på fjorden i kort avstand til kvarandre, uansett om det er to "forskjellige" samband så ligg alt til rette for tidenes beste forbindelsar i fjorden. Men kva skjer? Jau vi har fått det verre. Eit kunststykke av dimensjonar av Excel-sjonglørar.
Med to ferjer på fjorden er det no knapt råd å reise frå Standal til Leknes. Då må du hugse å ringe til ferja ein time før slik at ho faktisk går til Sæbø. Der du må gå i land og byte til ferje nummer to.
Standal-Leknes var forresten tidlegare eit ledd i ei populær sykkelrute, og med auka turisme i fjorden vart det mange som ville reise den strekninga. Ikkje berre syklistar. Det vart faktisk så mange at ein måtte setje opp eit skilt på ferjekaia på Standal som tydeleg informerar om at det ikkje går ferje til Leknes frå Standal.
(Teksta fortset under biletet)
Stor pågong av reisande som ville ta ferja frå Standal til Leknes resulterte i dette skilet som er slått opp på ferjekaia på Standal. (Foto: Tor Eirik Trandal)
Ei løysing med A og B ferje på fjorden som betjenar kaiene og sikrar kommunikasjonen mellom alle bygdene... Det er for dyrt? For då er to ferjer dyrare enn ei plutseleg (!?!) Forstå det den som vil.
Alternativ rute på gresk
Når ei av ferjene er ute av drift skal det brukast "alternativ rute". Altså enno ei rute skrive på gresk, som for dei på tostopps-sambandet Sæbø-Leknes vert omveltande. Denne ruta har vore mykje i bruk siste åra. Det er ei rute vi kjenner nokså godt. Den er basert på ein skadeskoten versjon av ferjeruta vi hadde FØR alle rutekutta og før fjorden vart delt i to, eller faktisk tre; Storfjorden, Sæbø-Leknes og resten. Frå ei svunnen tid der ting faktisk fungerte. Bruk av alternativ rute er mykje på grunn av MF Eid sine stadige problem som held liv i både SMS-varslingstenestene og lokalavisa, men også på grunn av planlagte verkstadsopphald og andre "skjær i sjøen".
Køyr rundt
Norangsfjorden har jo veg seier du, så dei kan berre køyre rundt. Ja, men vegen dei har går gjennom Norangsdalen og er rasutsett og mykje stengd vinterstid. Det er LANGT å køyre til Sæbø om det er dit dei skal og ruteendringa vert til tider oppdaga når ein står i ferjekøa og ventar på ei ferje som aldri kjem.
På Skår og Trandal er det hurtigbåt som er einaste alternativ. For buss går det ikkje frå Standal, og sjeldent frå Sæbø. Heldigvis har vi hatt eit skyssbåtopplegg som har ytt strålande service i mange år og har fungert upåklagelig. Som køyrer deg dit du må i solskin som i storm, men sjølvsagt må bilen stå på rette sida av fjorden.
Skysstilbodet er sjølvsagt også konstant under angrep av ei fattig kommune som har gått i lære med storebror fylkeskommuna som begge brukar pengar dei ikkje har. Pris er det viktigaste! Kvalitet og miljø er for dyrt!
(Teksta fortset under biletet)
Ferja Goma ligg til kai på Sæbø. (Foto: Tor Eirik Trandal)Standal - Trandal - Skår - Sæbø - Store-Kalvøy - Valderøy
Nei, det er inga oppramsing av tilfeldige stadar i fylket, men stoppestadane til den nye ferja i Hjørundfjorden. Samstundes med rekord i fotnotar i rutetabellen som for utenforståande ser ut som den er skrive av ein gresk matematikar, er eine fotnoten at Ingen andre enn ferjemannskapet får vere med frå Hjørundfjorden til Valderøy/Store-Kalvøy. For det har dei ikkje sertifikat til. Så dei som faktisk reiser mellom Valderøy og Trandal får ikkje vere med. Dei må køyre til Standal og ta ferja der.
Etter at Store-Kalvøy vart gløymt i drysset av milliardar over Nordøyane var det ingen som klarte å finne ei betre løysing på det enn å ta ferga frå Hjørundfjorden til å trafikkere sambandet.
Hurtigbåt som transporterar bilar
Forslaget frå brukarane av ferje og hurtigbåten der ute var det ingen som ville høyre på. Ein hurtigbåt med plass til nokre få bilar var alt dei trengde. Men milliardane var alleie brukt opp på vegen som ville vise seg vart for dyr å bruke etter tallause kostnadssprekkar og budsjettoverskridingar. At statsstøtta til hurtigbåt vart kutta vart eit sjokk for fylkeskommuna og 850 millionar måtte hentast inn frå andre stadar.
Nordøyvegen opnar
Opsjonen på sambandet til Valderøy/Store-Kalvøy gjorde at ferja låg stilt på Standal onsdagar for at vi ikkje skulle verte for godt vant. Bomma du på på kva dag det var så møtte du ein ferge med stengd bom, som KUNNE ha gått, men som altså ikkje fekk lov
Etter Nordøyvegen vart opna vart plutseleg den eine turen til til Store-Kalvøy onsdagar utvida til å verte to gongar på onsdagar og ein gong på laurdag. Ingen visste dette før det plutseleg vart eit faktum. Endå eit kutt i ruta. Ingen forvarsel og uråd å krangle om. Med reduserte ressursar kunne vi ikkje anna enn å tilpasse oss. Igjen.
At Store-Kalvøy skal ha eit rutetilbod dei kan leve med er sjølvsagt. Dei har like stor rett dei som oss. Men å ta ei ferje frå inst i ein fjord som brukar nær heile dagen på å ta to turar mellom Store-Kalvøy og Valderøy er i beste tilfelle hol i hovudet.
Teksta fortset under biletet
Ferja på veg inn fjorden. (Foto: Tor Eirik Trandal)
Draumen om Standal-Trandal-Leknes-Sæbø-Skår-Viddal (A+B) - ein utopi?
Tenk om desse to ferjene kunne gå i same samband. Bruke dei same kaiene. Ei A og ei B ferje, der eine ferja kunne fortsette som før om den eine måtte på verkstad eller fekk problem. Desse ferjene kunne trafikkere alle ferjekaiene i fjorden inkludert Viddal i eit mønster som gjorde at kapasiteten vart brukt optimalt slik at fjorden vart knytt saman igjen. For ein seier det hadde vore for alle. For turistnæringa, for næringsdrivande, for fastbuande og for turistar.
Den eine ferja kunne starta å gå tidlegare på morgonen slik at folk kom seg på arbeid og den andre seinare på kveld slik at folk kunne ta del i aktivitetar på kveldstid slik at ein heldt seg innafor kviletidene. Moglegheitene er mange, ynsket er stort, viljen er liten og pengesekken tom. Men begge ferjene tøffar rundt i fjorden den dag i dag. Og så lenge dei ikkje brukar same kaia for mange gonger så er det altså rimelegar med to ferjer kvar for seg enn to i same samband. Excel-arka sine vegar er uransaklege.
Sentrum i fjorden
Ferja er vegen vår, det er "børsen" vår og det er samlingstaden vår. Det er der vi held kontakta med andre Hjørundfjordingar. Ein kan kanskje gå så langt som å seie at ferja har vore den nye kyrkja. Der bygdefolket i fjorden møttest. Dette høres rart ut for utombygdingar, men dei fleste vil nikke gjenkjennande. Ferja er livsnerven i fjorden.
Sæbø har, sjølv om eg ikkje likar å innrømme det, alltid vore sentrum i fjorden. Det er der vi har hatt både butikkar, skular og barnehagar, fritidstilbod, lege, frisør, bank, osb. Det er der folk møttest utenom ferja. Der ungane vart kjende med kvarandre, der vaksne vart kjende med kvarandre. Der handla vi det vi trengde. Alt fordi folk møttest. Vi var samla fordi vi hadde ferja som samla oss der. No har vi ein tynn liten tråd igjen, skyssbåten og nokre få anløp med ferje når det ikkje passar å ta ho.
Etter fjorden vart delt opp i to samband har ytre del av fjorden på mange måtar mista vegen til sentrum. Den er stengd og greven vekk. Av og til når ein gir teikn så kan nokon kome legge nokre fjøler over hòlet slik at ein kan stivre seg over, og så vert dei fjerna igjen. Til neste gong ein gir teikn og ber pent.
Dei som sit framføre Excel-arka sine ser ikkje denne samanhengen. Dei ser punkt A til punkt B. Dei ser pengar inn og dei ser pengar ut. Med gratis ferjer så er det vel mest utgifter dei ser og når ein berre ser utgifter så vi ein naturleg nok prøve å begrense dei. Så lenge Excel-arka får styre så vert framtida stadig kutt som vi må gong på gong protestere og kjempe imot.
Neverending story...
Resultatet av siste nedleggingsstunt er altså no kutt i rutene til Trandal IGJEN på grunn av omsyn til kviletider, fordi ferga brukar så lang tid frå Hjørundfjorden til Kalvøya for å betjene dei der ute som vart "gløymt" når politikarane spadde milliardar med kroner inn i Nordøyvegen. Den same vegen som no er for dyr for dei fastbuande å bruke og ei kvide for andre å køyre.
Vi gjer oss klar til neste runde!
Ferja til kai på Standal. Skilt er sett opp på skuret til høgre. (Foto: Tor Eirik Trandal)
Kommentarar
JETZT KÖNNEN SIE JEDE ART VON KREDIT BEANTRAGEN UND NOCH AM SELBEN TAG EINE GENEHMIGUNG ERHALTEN!!!
Brauchen Sie dringend einen Kredit?
Haben Sie eine schlechte Kreditwürdigkeit und Ihr Kreditantrag wurde von der Bank abgelehnt?
Brauchen Sie einen Geschäftskredit?
Suchen Sie einen medizinischen Kredit?
Brauchen Sie einen Studienkredit?
Suchen Sie einen Kredit zur Schuldenkonsolidierung?
Brauchen Sie einen Hypothekenkredit?
BRAUCHEN SIE EINEN AUTOKREDIT?
Brauchen Sie heute einen Wohnungsbaukredit?
Brauchen Sie einen Privatkredit?
Senden Sie eine E-Mail an anshloans@gmail.com, um noch am selben Tag einen schnellen und zuverlässigen Kredit zu erhalten. E-Mail: anshloans@gmail.com