Det vert sal av blomar av Urke Gartneri og Oddmar Aarsetøy frå Volda. Desse to gartneria har sterke og gode plantar. Dei utfyller kvarandre fint når det gjeld utval og kva typar blomar dei har med. Ein kan kjøpe blomar til gravsted på kyrkjegarden eller til å ta med heim å pynte opp på trappa eller varandaen.

I kafeen kan ein få kjøpt kaker, smørbrød og kaffi. Om veret er godt set vi borda opp ute også.

Både blomsterselgarane og kafeen tek betaling med Vipps/ kort/ eller kontant.

Nilsbuda i sentrum opnar også denne laurdagen.

Set av laurdag 27 mai klokka 11 - 15.00 for den årlege plantedagen.

Det kjem stykke i Møre Nytt og annonse når det nærmer seg.

Velkomne ❤

- Styret for Sæbø bedehus-