Det er pårørandegruppa ved Hjørundfjordheimen v/Inger Øye Walseth som står bak denne pengeinnsamlinga til nytt EKG-apparat og ny blærescanner.  Målet vårt er at vi skal greie å samle inn pengane som trengs, dvs. kr 180 000,-.

Dessverre ligg vi per dags dato langt bak dette målet.  Ein viktig grunn til det er nok at så få veit om denne spleisen.  Ja, for den praktiske måten vi samlar inn pengar på er via ein såkalla spleis frå Sparebank 1.

Dersom du vil gje pengar til dei nemnde apparata på Hjørundfjordheimen, klikkar du her:

Det vil også vere svært fint om du deler linken under, gjerne på facebook, instagram eller kva det måtte vere:

https://www.spleis.no/project/314030?fbclid=IwAR2pnjdxYuhiUreLwUj5pXHInOuFWqvGuyPChs0TZAbbrXvhIHQCnZ438Ro

Så langt seier vi i Pårørandegruppa ved Hjørundfjordheimen tusen takk.