OPEN-DAG
Utanfor inngongen er det fint pynta i haustlege fargar.
Klar til Open dag... Endelig, etter koronarestriksjonar var det på tide.
Avdelingsleiar på Heimen Nina Måseidvåg, ynskte alle velkommne og fortalde litt om siste nytt.
Far til Nina, Sverre Måseidvåg som er ur Hjørundfjording hadde ord for dagen, og fortalde om gamle Hjørundfjord og fortalde mykje gamle historier til eit lydhørt publikum.
Odd Magne Vinjevoll Bidrog med svingande trekkspelmusikk, så bra at fleire måtte danse.
Dansegolvet var fullt på eit øyeblikk.
Dei som ikkje sjølv lenger kan danse hadde stor glede av å sjå på at andre dansar.
Kjøkkenet hadde laga eit ekte sunnmørsk kakebord.
også søte små fristelser hadde dei å byde på.
Mykje flotte premiar vart vunne, og dagen var velukka. Takk til alle som bidrog, både sponsorar og bygdefolket som støtta. desse pengane går direkte til trivselstiltak for bebuarane på heimen.
TUSEN HJERTELIG TAKK!
Baldrian søkte ly i huset sitt til festen var over.
Bishnu serverer dessert på ein kvardag, velkommen i arbeidsflokken til henne. Vi er glade for å få ho som medarbeider.
November og oktober har bydd på mange fine utestunder innimellom.
Her nyt dei siste solstrålane.
Flott å spasere i det fine veret.
Handarbeid og godt prat innimellom avislesinga.
Bebuarane er opprørte over det dei les i avisene, dei ynskjer å uttrykke seg på denne måten.
Bebuarane dikterar og Haldis skriv.
Barnehagen har også laga opprop på sin måte.
Plakatar må til så folk ser kva vi meiner.
Mange som stillte opp og fleire vart det.
Tusen takk til alle som støtta oss denne kvelden!
Nye te-kjøkken på alle tre stovene har vi fått, det har vore etterlengta lenge.
Litt måling og oppussing føle då sjølvsagt med.
På kjøkkenet er Silje i gong med julebaksten, her steikjer ho smultringar.
Ingvild lagar mini-suksessterter, ekte snop.
Anne feirar dag, med kake sjølvsagt. Hipp hurra!
Dette er ikkje ei kontorrotte, men vakre snilde Baldrian.
Han stressar ikkje med juleførebuingar, husk å ta deg tid til å kose deg i førjulstida.
Med bruksanvisning og godt humør får Cindy og Karina ordna ny kontorstol.
Alt går bra med litt kvinnelist!
Ha ei flott førjulstid!
Kommentarar