Bondalen Frilynde Ungdomslag delar ut ein pris til ein person i bygda som har utmerka seg i positiv retning for folket i Bondalen / Hjørundfjord.
Prisen vert delt ut på 3.dagsfesten på Grendahuset i romjula av representantar i BFUL. Vi ynskjer å ha forslag til kandidat med grunngjeving tilsendt på epost. Det vi ser etter i "Årets Bondaling" kan til dømes vere ei ildsjel som har gjort noko positivt for bygda eller fellesskapet vårt, ei framifrå dugnadsånd, intiativtakar eller pådrivar.
Vi håpar vi får mange gode forslag i år, vi har tross alt ikkje delt ut pris dei to siste åra grunna COVID.
Vil samtidig minne om at det er mulig å kjøpe billetter til årets 3.dagsfest på Bellingen og via VIPPS.
Dei siste 29 åra har desse fått denne heiderstittelen:
Årets bondaling gjennom åra |
Namn |
Grunngjeving |
1990 |
Arne Lied |
Pådrivar for bygginga av grendahuset |
1991 |
- |
|
1992 |
Helge Strand og Jostein Koppen |
Kultiveringsarbeidet i Bondalselva |
1993 |
Kristine Lillebø |
Nyttårsplakatar |
1994 |
Håkon Otterlei |
Marknadsføring og aktivitetsskaping i bygda |
1995 |
Hjørundfjordtroppa av Raude Kross |
|
1996 |
- |
|
1997 |
Bruno Hame |
Pådrivar og dirigent for koret. |
1998 |
Sæbø brannkorps |
|
1999 |
Anton Sæbønes og Eldbjørg Tvergrov |
Idrett og Hjørundfjorddagane |
2000 |
Jarle Walseth |
Sogelaget |
2001 |
Jon Arne Årseth |
Cafe Bellingen |
2002 |
Besøktenesta avd Hjørundfjord Raude Kross |
|
2003 |
Bjarne og Margrethe Rekkedal |
Rekkedal Gjestehus |
2004 |
Kari Riise og Alvhild Ville |
Damene i det skjulte, spesielt idretten |
2005 |
Bernt Arve Hustad |
Innsats for barn og unge i SIL og BFUL. |
2006 |
Ivar Svein Mo |
Arbeidert med bygdemobiliseringa |
2007 |
Knut Hustad |
Arbeidet på Hjørundfjordportalen |
2008 |
Mari Anne Bjørdal |
Arbeidet i idrettslaget |
2009 |
Ann Helene Urkegjerde og Ingvild Åmbakk |
Strikkekafeen |
2010 |
Rune Mo |
For all dugnadsinnsats |
2011 |
Kanutte og Dagfinn Strand |
For bakeriet deira |
2012 |
Bodil Skare |
For arbeidet i trimgruppa m.m. |
2013 |
Inge Aarset |
Heile bondalens sjefselektrikar |
2014 |
Gunnar Stokke |
For Gunnarråsa |
2015 |
Aanon Aanonsen |
Stor frivillig innsats for bygda |
2016 |
Øyvind Taklo |
Pådrivar for Kapteinkvia og kunstgrasbana |
2017 |
Tor Grunde Simonsen |
Stor pådrivar for aktiviteten i bygda |
2018 |
Synnøve Rekkedal Hill og Richard Hill |
Engasjert pådrivar for dugnad i bygda |
Kommentarar