Styret for Sæbø bedehus vil også i år arrangere plantedag ved Sæbø bedehus. 

Det vert sal av blomar av Urke Gartneri og Oddmar Aarsetøy frå Volda.  Desse to gartneria har sterke og gode plantar. Dei utfyller kvarandre fint når det gjeld utval og kva typar blomar dei har med. Ein kan kjøpe blomar til gravsted på kyrkjegarden eller til å ta med heim å pynte opp på trappa eller varandaen.

I kafeen kan ein få kjøpt kaker og smørbrød og kaffi. Om veret er godt set vi borda opp ute.

Frå kl 13.30  vil kyrkja vere open med musikk og  lystenning.

Både blomsterselgarane og kafeen tek betaling med Vipps eller kort.

Nilsbuda i sentrum opnar også denne laurdagen.

Set av laurdag 28 mai klokka 11 - 15.00 for den årlege plantedagen. Velkomne ❤

Her er eit stemningsfoto frå i fjor.

Screenshot_20220507-213910_Capture