Generasjonskorpset var dei som opna basaren med feiande flott korpsmusikk med både ny dirigent og nye uniformer. Dei spelte 4 nummer mla Dovregubbens hall og Vårsøg. Så då fekk vi både vårstemning og litt 17 mai stemning. Flott å sjå kor mange unge som spelar i korpset.
Når korpset var ferdig var det tid for ei runde med sal av rivelodd i ulike fargar. Mange som sikra seg alle fargane som var å få. Mange fine gevinstar var å vinne. Mla spekepølser, vottar, gåvekort, bukettar.
Hjørundfjord mannskor stod også på sena og song både Amacing Grace, Danny boy og Janine Berg avslutta deira økt med Vår beste dag av Erik Bye.
Folk kosa seg med kake og kaffi, lodd og god prat. Det var tydeleg at folk synest det er kjekt å kunne treffast og møtast på normalt vis igjen.
Renate Oord vår nye gode sambygding heldt andakt der ho tok utgangspunkt i boka Du er unik av Max Lucado. Ho viste bilete frå boka på lerretet.
Ann Helene Wille leidde oss godt igjennom basaren. Primus motor og inspirator.
Jørund Aklestad solgte 2000 rullelodd.
Veterandamene Bjørg Tryggeset og Åshild Taklo kosa seg også på basar, og kan sjå tilbake på mange gode basarar gjennom åra.
Her er også bilete av nokre av gevinstane.
Vi har fått inn gode pengar til drifta av bedehuset på basaren. Styret har bestemt at 7000 kr vil bli gitt til Redd Barna sitt arbeid i Ukraina. Tusen takk til alle som har kjøpt lodd, støtta med kake, gevinstar og ikkje minst takk til alle som kom og gjorde basaren tll ein god gamaldags men likevel aktuell basar.
-For styret Sæbø bedehus -
Kommentarar