Mange har allereie sikra seg lodd i loddboka som har vore i omløp ei stund. Mange fine gevinstar har vi fått både til boka, til rivelodd og tombolapakkar.

Vi kjem til å halde til i salen oppe. Der dekkar vi på og pyntar småbord. Det vert som før i gamle dager mat på fat, servert ved kvart bord. Gjærbakst, skuffekake og muffins, kaffi og saft. Mat og drikke er gratis.

Renate Oor har nettopp flytta til bygda og ho vil halde andakt. Hjørundfjord mannskor kjem og vil synge, og Generasjonskorpset vil spele.

Inntektene av basaren vil gå til drifta av bedehuset, men etter hendingane ute i verda dei siste 2 vekene vil vi også gi noko av inntektene til Redd Barna sitt arbeid i Ukraina.

Sett av søndag 20 mars og du får oppleve ein god gamaldags bedehusbasar.

Helsing

Styret for Sæbø bedehus.