Litt frå vinter og det nye året.
Eit festpynta bord frå Nyttårsaften minner oss om at vi har fått eit nytt år å starte på.
Juledekorasjonane er no rydda vekk og det er vårstemning i lufta.
Frå Julefesten , Oddhild og Janine.
Karoline og Janine song og spelte, og alle kosa seg stort.
Her er det kosestund med avislesing.
Litt Nyttårsglam må til. Anne Marie synest det var flott.
Fride måtte også få glitterpynt.
Også maten då.... la oss ete opp før slankeregimet startar.
Baldrian likar å vere med Solfrid på tur.
Ja, no håpar vi at dette antrekket høyrer til dei heilt sjeldne tilfella for ei stund.
Nytt år startar med rydding på lageret, Bodil og Manuela i full sving.
Dette er ikkje ei kattaleike sjølv om Baldrian trur det, her er ei diger hespe med god ulltråd som skal vittast opp til nøster.
Med god hjelp frå Baldrian vert nok flokane løyste.....
Josefien heklar saman lappar til tepper, Baldrian vil gjerne hjelpe henne.
Ho takkar for seg og reiser vidare . Lukke til begge to, vi kjem til å savne deg.
Kommentarar