Sakene som er sett opp er vanlege årsmøtesaker som årsmelding og rekneskap. I tillegg vil vi legge fram planar for oppussing av peisestova og kva planar / idear vi har for året.
Om nokon har saker til årsmøtet så ta kontakt.
Representantar frå brukarar av huset og alle folk i bygda er velkomne. Styret og ein representant frå kvar brukargruppe har stemmerett ved avstemning.
Det vert servert kaffi og litt søtt til.
Velkomne
- Styret for Sæbø bedehus -