Julestrida er i gang i 1.etg. på Hjørundfjordheimen. Kaker skal bakast, sølv skal pussast og hus skal pyntast. Julevasken overlet vi til Monica og det meste av julebaksten overlet vi til kjøkkenet, men litt må vi no gjere sjølve!
Petra og Bjørg har bakt før og kan dette. Pepparkaker står på programmet i dag.
Eldbjørg har gjordt dette før, også her på heimen.
Janneche hjelper også til.
Cindy har eit brett klar for steiking.
Full konsentrasjon.
Underhaldning!
Haldis serverar julekaker og kaffi til syngedamene som er tilbake til stor glede for alle.
Kjekt når noko skjer, Eli, Karin og Elsa.
Koseleg med nye ansikt i kvardagen, god prat og ein kaffitår er ikkje å forakte.
Alfhild, Rut, Ranveig, Eli, Elsa og Eldbjørg.
Reidun serverar Per, Kari, Inger, Bjørg, Jorunn og Målfrid.
Dei kom frå 2.etg. også. Kjellaug, Monica og Liv fremst.
Pussing av sølvty.
Målfrid, Eldbjørg og Bjørg i full sving, sølvet må skine til jul!
Haldis får også lov å prøve. Bjørg og Anna er læremeisterar.
Alfhild og Eldbjørg.
Meir underhaldning.
Lionskoret på sin tradisjonelle førjulskonsert. Veldig kjekt!
Lydhøyrt publikum.
Åmås friskule kom i døra og song.
Alfhild og Jorunn.
Målfrid Bjørg og Petra, alle kleda er fordi døra er vidopa så vi får sjå og høyre skikkeleg.
Halkjellsvik spelemannslag kom og underheldt, kjekt med variasjon.
Inger, Berta, Kjellaug og Rut.
Alfhild og Eldbjørg.
Astrid, Ragna, Solfrid, Anna, Ingebjørg og Eldbjørg.
Marthe, Gunnar, Liv, Else og Anne Marie.
Karen og Ragna, to gode naboar. Kolbrun og Ingvild vil også høyre.
Pepparkakehusbygging.
Delane er klar og huset skal settast saman og pyntast.
Rut, Cindy og Haldis er ivrige husbyggarar, skal tru om dei har fagbrev?
Noko har skjedt undervegs, men pytt pytt, stunda ilag veg opp for ei lita ulykke , huset smakar like godt fordet!
Pynting av juletre!
Med yngre krefter på jobb har det vorte nye tradisjonar. Juletreet som før i tida vart pynta lisjejulafta verte no pynta litt før. Men det er no koseleg med mykje lys i førjulstida så etterkvart er det ingen som protesterar lenger og mange hjelper til med pyntinga.
Her er det Rut som passar på juletrepynten.
Bjørg har nok hatt mange tre i stova si oppigjennom åra, og ho hjelper gjerne til.
Cindy er i farta og hjelper gjerne.
Og ho når opp i toppen. Treet er ferdigpynta og no gler vi oss til mandag med born og Luciasong!
Vi håpar at juletida ikkje blir altfor prega av korona og restriksjonar, men vi har det fint ilag så jul blir det uansett!
Julekrybba er også på plass, litt tidleg kanskje men det er no godkjent!
Kommentarar