Bondalen Grendahus frå ei solskinshistorie til mareritt.

Etter lang tids planlegging vart det i 1986 bestemt, etter råd frå STUI, og etablere Bondalen Grendahus PL (partslag) formålet var å planlegge, bygge og drive eit forsamlingshus. Bondalen Frilynde Ungdomslag var drivkrafta bak og hadde solid kapital, vel kr. 457.000 hadde dei oppspart til dette formålet. Men regelverket då, passa ikkje for eit reint lagseigd hus.

Derfor bad vi inn lag, organisasjonar og enkelt personar for å verte medeigar ved å kjøpe partar i Bondalen Grendahus.

13 lag og organisasjonar vart medeigar og teikna seg med kr.535.000 i A partar og 206 privatpersonar teikna seg for kr. 144.500 i B partar. 89 personar gav kr.32.420 i pengegåver. 9 personar gav naturalia til ein verdi av nesten kr.203.000. Det vart utført dugnadsarbeid til ein verdi av kr. 1.193.000 Totalt står privatpersonar for om lag kr.1.540.000 av verdien i 1992 kroner. Vi fekk kr.1.000.000 i STUI midlar. Totale byggekostnadane vart kr.3.695.000

Verdien av hus og inventar var taksert til om lag kr.4.100.000. Når byggenemnda overleverte huset kunne vi gi partslaget ein startkapital på om lag Kr.120.000. Ein imponerande utført innsats av bygdefolket, ikkje ei krone i lån.

Representantskapet av BG PL, beståande av om lag 35 personar, er høgste organ i BG og skal ha årsmøte innan utgangen av mars, dei første åra var det ikkje noko problem å verte vedtaksføre på årsmøte, men etter kvart som åra går så dabba det av. Nokre lag slutta å eksistere og nokre nye kom til, i dag skal representantskapet bestå av 25 utsendingar frå A-parts eigarane og 5 frå B-parts eigarane.

På eit tidspunkt vart organisasjonsforma ikkje lenger lovleg, og styret og årsmøte, vedtok at partslaget (PL) skulle verte eit samvirke (SA), ved innsending til Brønnøysund Registera for godkjenning i 2016, så vart det ikkje godkjent, styret gjorde endringar og sende inn, men nytt avslag. På slutten av året i 2018 sende styret ny søknad om godkjenning, men fekk fortsatt ikkje godkjenning. Etter den tid har det ikkje vorte gjort nye forsøk på godkjenning.

Siste årsmøte var avholdt 13.September 2018 og drifta av huset har sidan ikkje vore i tråd med vedtektene. Så i juni i 2021 vart det halde årsmøte, men regneskapet vart ikkje godkjent, det var då bestemt at eit omframt årsmøte skulle haldast snarast, dette vart avholdt og regentskapet vart godkjent, men med mange ubesvarte spørsmål. Det vart oppnemnt ein hurtigarbeidande komité som fekk frist til 23. August å ha klar vedtekter for ny organisasjonsform. Men på ny skjedde det lite og ingen ting og leiar for komiteen vart sjuk og trekte seg.

Så 8. November var nokre av eigarane samla for å finne veg vidare. Det vart då bestemt å kalle inn eigarane av Bondalen Grendahus til eit informasjonsmøte 17. November d.å.

Det har kome inn forslag om at Bondalen Frilynde Ungdomslag tar over som eigar av huset.

Det er kanskje den beste løysinga, i utgangspunktet så ville BFUL bygge men fekk ikkje løyve då.

I dag er eigarskapen laber, og det er lita interesse for å stille på dugnad. Hadde det ikkje vore for BFUL og Generasjonskorpset så hadde kanskje huset vore avstengt for lengst.

Vi trur ikkje at ei ny eigarform, med eksisterande medeigare, vert betre enn det er i dag.

Så vi vil råde til at BFUL vert ny eigar. Oppløysing av Bondalen Grendahus må være i tråd med gjeldande vedtekter.

Skulle BFUL verte ny eigar, så oppmoder vi alle som er medeigare i partslage, om å verte støttemedlem BFUL.

Bondalen 11.11.2021

Helsing første styret i Bondalen Grendahus PL