Under søk på Kråkenes fyr vart det oppdaga eit nytt og moderne webkamera av høg kvalitet rett ovanfor fyret.  Dette vart drøfta på venstre fløy hos frukostgjengen på Bellingen på Sæbø.  Allereie få dagar seinare, den 10. desember 2020, tok ein tomannsekspedisjon laust frå Sæbø.  Ole Johan Riise, Ollen, og underteikna var dei to utvalde.  Allereie dagen etter var konklusjonen på Bellingen klar; eit slikt kamera må vi få til Sæbø.  Gunnar Stokke, han kjem vi tilbake til, har etter kvart fått god teft for det som er klokt å gjere for turismen og han vart også ein pådrivar for prosjektet.

IMGP1634b
Frå Kråkenes fyr
Kråkenes fyr
Det aktuelle kameraet.  Også aktuelt for Hjørundfjorden?

Sjefen i Sæbø Grendalag, Øyvind Taklo, var også positiv til prosjektet.  Men kravet var at prosjektet måtte vere fullfinansiert før han ev. la saka fram for årsmøtet i grendalaget.  No måtte årsmøtet utsetjast på grunn av koronaen, men sjølv om ting tek meir tid enn først rekna med og kanskje er meir arbeid også, så vart det jobba vidare.

Moldefirmaet Triangel Security AS v/Finn Humborstad, som hadde ansvaret for prosjektet ved Kråkenes fyr, var svært positiv og kom med tilbod.  Underteikna fekk møte Sparebank 1 Søre Sunnmøre.  Også dei var utruleg positive til prosjektet.  I tillegg sa dei ja til å verte hovudsponsor om prosjektet vart noko av.

IMG_20210317_114202b

Korona eller ikkje - Sparebank 1 Søre Sunnmøre sa ja til prosjektet og ja til å vere hovudsponsor.

Kameraet måtte setjast opp ein stad der det var tilgang til både straum og fiber.  Pumpehuset ved sjøen og Lissjeelva er ein bra stad, meinte Gunnar Stokke.  Kanskje Hustadneset er betre?  Det var Jon Petter Årseth som kom med den ideen.  Vi gjekk for Hustadneset og Anders Jr. Hustadnes vart kontakta ein stad mellom reolane på Bellingen.  Han sa ja med ein gong.  Og så sa Øyvind Taklo ja og deretter sa også årsmøtet i Sæbø Grendalag ja.

Målet var først å fæ kameraet opp til sommarsesongen, men som nemnt er det ein del arbeid sjølv om prosjektet kanskje ikkje er så stort.  Men når august kom, skjedde alt svært raskt.  Og det viktige her å legge merke til er at alle som vart spurde om å gje økonomisk støtte til prosjektet har sagt ja.  I tillegg har rundt 60 privatpersonar vippsa pengar til webkameraet gjennom spleisen som Øyvind Taklo var sjef for.

Og no kom Gunnar Stokke og Anders Jr. Hustadnes skikkeleg på bana.  Dei har gjort nærast alt det praktiske arbeidet på Hustadneset - utan vederlag. Ei av hyttene til Anders vert også brukt til dei tekniske instalasjonane.   Og Steinar Hjorthaug stilte gravemaskina si gratis til disposisjon for prosjektet - i tillegg til at han har frakta både gravemaskin og masse/mold.  Sjå foto under.  Holen Sand og grustak har levert singel og grus - også det gratis.

Og så burde vi ha ei avis med på laget.  Sjølvsagt vart det Møre-Nytt.  Redaktør Svein Aam sa ja med ein gong.  Det same gjorde Sigmund Vika v/Hotel Sagafjord.

Så nokre foto:

IMGP5252b IMGP5288b
Gunnar Stokke bak spakane i gravemaskina til Steinar Hjorthaug. Slangen til straum og data må gravast ned.  Anders og Gunnar i arbeid.
IMGP5282b IMGP5343b
At Gunnar og Anders ville greie den praktiske jobben, var det ingen tvil om. I tillegg til å utføre arbeidet, stilte Anders også med utstyr som t.d. stolpen kameraet no står på.
IMGP5377b IMGP5380b
Veronica Pilskog i Sparebank 1 stod for den offisielle opninga, dvs. kutta klatretauet.  Her er ho flankert av ordførar Stein Aam(t.v.) og Øyvind Taklo i Sæbø Grendalag. Ein flott dag.
IMGP5384b
Hotelldirektør Sigmund Vika hadde store stykker marsipankake til alle.

Kameraet Hjørundfjorden Live meiner vi no har fått ei bra innstilling, men endringar kan absolutt gjerast og vil bli gjort.  Finn Humborstad i Triangel Security AS har brukt mykje tid på innstillingar med meir.

Og så ei sak til slutt:  Går du på den grøne plenen ved kameraet og vegen er det stor sjanse for at du blir filma (der står skilt).  Og VIL du bli filma så still deg gjerne opp og send "ei helsing heim" eller til venner og andre.  Det er berre stas.  Men hugs på at kameraet har ei innlagd forseinking på 20 sekund.  Vinkar du til kameraet så går det altså 20 sekund før det visest på skjermen. 

Desse har støtta prosjektet:

Sparebank 1 Søre Sunnmøre

Triangel Security AS

Møre-Nytt

Hotel Sagafjord

Holen Sand og grustak

Hustadnes Fjordhytter

Steinar Hjorthaug

I tillegg har ca 60 personar støtta prosjektet økonomisk gjennom ein Spleis og vipps.

Anders Hustadnes, Gunnar Stokke, Øyvind Taklo og Knut Hustad  har i hovudsak jobba med prosjektet.

Det er Sæbø Grendalag som står bak "Hjørundfjorden Live"

Vil du sjå? Klikk på Hjørundfjorden Live