Sæbø grendalag har altså bestemt at det skal kjøpast inn- og monterast webkamera på Hustadneset - til stor glede for absolutt alle som har tilgang til ein PC, eit nettbrett, ein smarttelefon eller nesten kva det skal vere.    Grendalaget har fått gode medspelarar, m.a. Sparebank1 Søre Sunnmøre som vil stå føre mesteparten av finansieringa, men grendalaget har sett seg som mål (nærast etter krav frå banken) å samle inn kr. 20.000,-.

Og sjefen i Sæbø grendalag, Øyvind Taklo, har no starta ein spleis.  Sjekk her: https://www.spleis.no/project/182242

Målet er altså å få inn kr. 20.000,-, men per dags dato har vi fått inn "berre" kr. 5100,- og det ser ut til at spleisen har stoppa opp.  Dette må vi rette på.

IMGP2944b

Hjørundfjorden kan vere vakker å sjå på frå fjella, men vakrast er han ved fjøresteinane.  Det vil det komande webkameraet på Hustadneset vise.

Det er heilt klart at mange av oss, t.d. småbarnsforeldre, ikkje har meir pengar enn som trengs.  Men i alle fall vi mannfolk som er godt vaksne har gjerne nokre hundrelappar til overs for gode prosjekt - som dette webkameraet på Hustadneset.  Så oppfordringa frå Sæbø grendlag med Øyvind Taklo i spissen, og alle oss andre som vil ha dette webkameraet på Hustadneset snarast mogleg, er å klikke seg inn på denne spleisen

https://www.spleis.no/project/182242

og betale så mykje som vi orkar, gjerne ein 500-lapp for oss aldrande mannfolk, slik at webkameraet kan kome opp allereie i august/september.  Hugs at det er berre 16 dagar igjen av spleisen.

Og har du ikkje ein 500-lapp så vil ein vipps på ein hundrelapp eller to også gjere godt for prosjektet Webkamera på Hustadneset.

Og om du enno ikkje har sett korleis eit slikt webkamera virkar så søk opp webkameraet på Kråkenes fyr.  https://www.fjt.no/webkamera/

Og NB NB:  Gå inn på fb og gruppa Kapteinkvia og der finn du oppdatering på spleisen.  Del gjerne den lenka, eller denne, på dine facebooksider.

Kr. 20.000,- må vi få til sjølv om det er ein god del pengar.