Vi i styret for Sæbø bedehus har hatt møte og kjenner no at gløden for å få til kjekke aktivitetar i bygda er ved å stige. Trua på at ting vert bra er absolutt nærverande. Det er kjekt å merke.

Loppemarknaden vert arrangert over to dagar med innlevering av lopper på kveldane opp til.

Om noko er prekært kan ein få levert lopper utanom desse kveldane også. Ta kontakt m Lisbet på tlf 47688650.

Lopper vi ikkje vil ha: Store møblar, kle, sko, bøker.

I kjellarstova vert det salg av mat og drikke.

Om du har lyst å hjelpe til før, under eller etter loppemarknaden så gi oss eit pling.

Vi vil sjølvsagt halde oss til dei gjeldande smittevernreglane.

Set av datoane 30 og 31 oktober, og så kjem det meir informasjon etterkvart.

Styret for Sæbø bedehus.