Generasjonskorpset kom for å halde konsert i hagen, det var eit frorrykande regnver men når dei skulle til å spele letta det opp og sola kom nesten fram.
Nokre minutt før det letta.
Stor stas å få sjå på alle dei oppfinnsomme utkledningane og dei blide små og store.
Nede i 1 etg kosa dei seg med lurvetoget like utanfor glaset.
Alle kosa seg med jonsokmat på fat og gledde seg over borna.
Gode minner om barndommens Jonsokfeiring dukka opp med dei fleste.
Lurvetog er artig!
Dans på "Lokalet", kjekt å svinge seg til musikken.
Dei andre kosar seg og lyttar til kjende tonar og syng med.
Eli er ein dyktig humørspreder.
Ein dag dukka desse to kjende opp på verandaen på Dalastova!
Alle kjende att Svilosen som var prest her ei årrekkje.
Arne og Solveig fekk helse på mange soknebørn, ei triveleg stund for alle.
Else og Solveig er gamle naboar og gode veninner.
Baldrian sov seg gjennom heile seansen men fekk litt trøst med Alvhild.
Sommaren er komen og vi får håpe den varer lenge!