Det ser ut som vi no går mot lysare tider når det  gjeld sosiale arrangement. Difor legg vi no planar for å arrangere loppemarknad på Sæbø bedehus i haust. Nærare tidspunkt vil vi kome tilbake med. Dersom du planlegg rydding og kasting av ting og småmøblar ville det vere kjærkome om de tek vare på saker som kunne vere aktuelle å gi til loppemarknaden vår. Vi har ikkje mykje plass til å ta imot ting no men ta kontakt på  47688650 om det er prekært.

Dette ser vi i styret fram til og håpar på mange lopper og god stemning.

Helsing styret for Sæbø bedehus.