Nokre av oss som er medlemar i Sæbø grendalag har i løpet av dei siste månadane jobba for at Sæbø skal få sitt eige webkamera/filmkamera slik dei har det på Kråkenes fyr. https://www.fjt.no/webkamera/

Dette kameraet som kom på plass sist haust, har blitt ein stor suksess.  Folk vil sjå skikkelege stormar og dei vil t.d. sjå flotte solnedgangar.  Det filmar 24 timar i døgnet, året rundt.  Og kvifor skal vi ha eit her i Hjørundfjorden?  Dette er saksa frå saksdokumenta til Sæbø grendalag:

  • Det vil vere hyggeleg for oss alle som bur i Hjørundfjorden.  Vi kan sjå kva som skjer i området.  Og kameraet vil vere positivt for alle som er interessert i vêr og føreforhold.
  • For utflytte hjørundfjordingar vil eit slikt kvalitetskamera kanskje gje tårer i auga og kanskje vil det gjere slik at dei flyttar heim?
  • Eit slikt kamera vil vere viktig for marknadsføringa av Hjørundfjorden.  Hugs på at vi no er eit utpeika turistsatsingsområde.
  • Mange vil gå på fjellturar i vårt område – sommar som vinter.  Kameraet kan t.d. zoome inn på fjellet Dalegubben med jamne mellomrom slik at skifolk ved sjølvsyn kan sjå om det er toppturvêr den dagen.
  • Ligg det skodde i Hjørundfjorden i dag?  Eller er der skoddefritt slik at vi kan gå t.d. på Saksa?  Svar på slike spørsmål vil eit webkamera gje.

Eit par kompetente personar har kome fram til at Hustadneset ev vil vere den beste plasseringa i vårt område og grunneigar Anders Hustadnes jr. er positiv.  Og litt til frå sakspapira til Sæbø grendalag:

"Ja, det vil koste pengar.

Det er firmaet Triangel Security AS på Molde som har sett opp kameraet v/Kråkenes fyr.  Eg har snakka med dei, Finn Humbostad,  og dei er sjølvsagt positive også til dette prosjektet.  Dei vil gjerne både selje oss kamera og montere det.  Prisen er ca. kr. 44 000,- pluss mva.  I tillegg kjem det  8 – 10 000 kroner i montering.  Dette firmaet har si eiga løysing når det gjeld vising av filmen som kameraet sender ut, norway live, men best er det sjølvsagt å samarbeide med ei avis (sjølv om vi også har Hjørundfjordportalen).  For oss er det sjølvsagt mest ynskjeleg med Møre-Nytt.  Å drifte kameraet kostar kr. 500,- pr. månad i fylgje Tussa IKT."

For ikkje lenge sidan var underskrivne i møte med Sparebank 1 Søre Sunnmøre og dei var svært så positive til prosjektet. Heile prosjektet vil nok koste 60 000 - 70 000 kroner.  Greier vi i grendalaget og bedriftene i vårt område å samle inn 20 - 25 000 kroner er det mykje som tyder på at Sparebank 1 finansierer resten.

IMG_20210317_114202b

Sparebank 1 Søre Sunnmøre er absolutt interessert i å støtte prosjekt Webkamera Hustadneset.  Her ser vi frå venstre: Rolf Driveklepp - banksjef Forretningsdrift- og utvikling, Kari Melle - Avdelingsbanksjef Ørsta, Veronica Kvalen Pilskog - Kommunikasjonsansvarleg og Vidar Egset - banksjef HR.

Tussa IKT opplyser at det normalt vil koste kr. 1000,- å drifte eit slikt webkamera pr månad, men dei sponar prosjektet slik at wifi-kostnadane vert kr 500,- pr månad.

Sjefen i Sæbø grendalag opplyser at denne saka vil kome opp på årsmøtet i april.  Så håper i alle fall nokre av oss at grendalaget seier ja.