Vi startar dagen med litt trim etter frukost-det gjer godt .
Puslespel av flotte fargar, Anne Mari, Julie og Liv.
Vi har krukker med krydder som vekkjer minner.
Kort som beskriv litt om kvar sort.
Då vert det ofte prat om matlaging og kva kryddene vart brukte til i deira heim.
Strikking vert det også tid til, gode ullestar.
Else og Irene kosar med Baldrian- viktig stund på dagen.
Anne Mari har godt lag med dyr og Baldrian veit å nytte høvet til litt kos.
Kjellaug, Astrid og Bodil er klar .
Kjellaug passar på at vi har i dei rette ingrediensane.
Vipps så har vi gode sunne knekkebrød.
Så skal det stikkast ut passe runde fine kjeks.
Så må dei prikkast med gaffel.
Mykje godt vert laga i godt lag.
Versegod- Havrekjeks med brunost.
Avislesing, såing og godt prat.
Tomat og persille skal det verte.
Her er det karse til påskesmørbrøda.
Baldrian er utolmodig så vi må bruke kjøpeblomster til påske.
GOD PÅSKE TIL ALLE!