Luciabesøk frå songglade born sette vi stor pris på.
I trygg avstand frå bebuarar men likevel nær nok til å glede oss.
I alle etajer og verandadører kom dei og song, dette er ei gledestund.
Nokre hadde kvite kapper som lyste godt opp.
Sjå kva vi fekk med 2 og 1 klasse på Sæbø skule!
Stor stas når vi opna, alle fekk kvar sin.
Flotte perler som vi hengde på juletreet.
Julemannane som vart baka måtte få måling.Birte hjelper Eldbjørg, Bjørg, Gunnar, Solfrid og Ruth til rette så dei får måle.
Edel fyller på med umåla og plukkar dei ferdige fint nedi boksa.
Dalastova baka godteri av marsipan og pepparmyntedeig-pynta med non stop.
Kjellaug og Astrid trillar flotte kuler.
Bishnu hjelper til.
Kristine, Liv, Astrid og Kjellaug har pynta juletreet, vi mangla norske flagg men det må vi kjøpe til neste jul.
Tordis og Alvhild er i full gong med treet i 1 etg.
Anna og Bjørg kjem til og det vert bra når ein er fleire.
Janneche tenner fire lys og det vert ein liten adventfest til kaffien denne sundagen.
Kjekk stund med koselig førjulsprat.
Fiskane i akvariet vårt er glade for dei ikkje havnar i fiskesuppa.
Sjølvaste julenatta kom snøven og la eit kvitt teppe over jorda, då vart det snøv til jul likevel.
Då kan julekvelden kome.
Kommentarar