I fint, kaldt, desemberveir spelte korpset til tenning av julegrana på Sæbø. Korpset har fått ny dirigent i haust, Sander Andersen, som leia korpset med stødig hand. Korpset spelte "Nå tennes tusen julelys", "Å, kom nå med lovsang," og "Deilig er jorden" til stor glede for dei mange frammøtte. Etter dette tok korpset turen til Hjørundfjordheimen og spelte utanfor til glede for bebuarane og dei tilsette der. 

Julegrantenning 2020

(Foto: Siw Lillebø)

Det vart annleis i år, då korpset ikkje kunne arrangere sin årlege julemarknad etter julegrantenninga. Men det vart invitert til ein liten konsert for inntil 50 publikummera på grendahuset. 

Leiar Oddhild Kalvatn ønska alle velkomne og fortalde litt om korpset og presenterte den nye dirigenten. Han har mykje kunnskap og erfaring som gjere at han bidreg med mykje spennande og at musikantane lærer mykje nytt.  Han har drive med musikk sidan han var liten og har lært direksjon på Toneheim Folkehøgskule. På konserten var det tid for både aspirantane, juniorane og seniorkorpset å vise seg fram.

Aller fyrst framførte aspirantane "Bjelleklang" under leiing av Mari Misfjord, som er dirigent for aspirantane og har juniorgruppe. Dei fekk òg hjelp av nokre av seniorane og trommer. Dei har vorte skikkelig flinke! :)

Aspirantar julemarknadskonsert 2020

(Foto: Unn Frøland)

Neste på programmet var "Nordnorsk julesalme", som korpset saman med juniorane har øvd inn. Dette var kjempefint! :) Det er veldig kjekt å spele saman små og store!

Heile korpset med juniorar 2020

(Foto: Unn Frøland)

Etter det spelte seniorkorpset "O, little town of Betlehem" og avslutta med "Deilig er jorden". 

Det er gledeleg å sjå at korpset veks. Idag har vi 14 elevar som får undervisning på blåseinstrument gjennom Ørsta kulturskule på Sæbø, i tillegg til to på trommer. Det er vi veldig glade og stolte over. Vi har gjort det slik at når dei har gått eitt år ca, har vi byrja med samspelgrupper og dei eldste er med annakvar øving, halve øvinga. Det er kjempekjekt!  Mari er musikalsk leiar for dette arbeidet. 

Dette vart ei fin stund på grendahuset, og vi takkar alle som kom for å sjå og høyre på. 

Vi ynskjer alle ei fin førjulstid!

Helsing alle musikantane i generasjonskorpset i Bondalen :)