OKTOBERPROGRAMMET på Hjørundfjord Filmteater! ????
Filmklubben er tilbake! Etter ei koronapause startar vi opp med program frå oktober - med mykje spennande på programmet!
18. Oktober blir det barnefilm med DEN STORE STYGGE REVEN. Dette er ein original og ganske så hysterisk morosam teiknefilm i tre kapitlar - som passar bra for alle barn i alle aldre:
* Ein baby kjem med storken - og må leverast til foreldra - anført av ein nevrotisk trøndersk gris og eit mindre smart radarpar beståande av ei and og ein hare.
* Den store stygge reven som ufrivillig må oppdra tre rampete kyllingar, og passe seg for tøffe, slagferdige høner.
* Det nærmar seg jul - og dyra på garden tar på seg ansvaret for å levere ut pakkar, då dei trur julenissen (som er av plast) har mista hovudet (bokstaveleg talt).
Den store stygge reven 2
Vi set fokus på presidentvalet i USA same kveld med ALLE PRESIDENTENS MENN. Vi går inn på den spennande journalistiske jakta på sanninga - om Watergate og Richard Nixon. Den eine hovudrollen er Dustin Hoffman, den andre Robert Redford som Bob Woodward - mannen som er høgaktuell med boka "Rage" om Donald Trump. Det vil bli ei ramme rundt filmen med innleiing av professor Rolf Werenskjold og vi trekk linjer mellom Watergate og årets val! Vel møtt!
Alle presidenters menn