Sæbø Grendalag

Bilete: Grendalaget etablerer sin eigen tilflyttingspatrulje! Her er nokre av medlemmane; Øyvind Taklo, Elisabeth Dimmen og Tor Grunde Simonsen med Nutte på armen. 

Sæbø og Hjørundfjorden har hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra, med nye folk som har etablert seg i bygdene. Vi vil arbeide for at denne positive trenden held fram. Fleire har signalisert at dei ynskjer å flytte hit, men slit med å finne plass å bu, eller dei er usikre på korleis dei skal gå fram. Nokon har hengt ein lapp på butikkane - i håp om å få napp. Her vil Grendalaget spele ei rolle. 

På årsmøtet 2020 blei det vedtatt at ei undergruppe vil jobbe spesifikt med tilflytning. Tilflyttarar kan ta kontakt med “Tilflytningspatruljen” for å få informasjon om Sæbø og Hjørundfjorden, omvisning i bygda, informasjon om kva som kan finnast av bustadmoglegheiter, og generelt få eit kontaktpunkt, bli introdusert og teken imot på ein positiv måte. Vi vil vise fram alt det flotte bygda har å by på! 

Tilflyttingspatruljen vil også gjerne høyre frå bydefolk som kanskje vurderer å selje eller leige ut, eller som har idear til korleis vi kan få fleire til å flytte hit. Kva kan vi gjere, på kort og lang sikt, for å styrkje busetnaden i fjorden? Kanskje blir det også eigne innspelsmøter i regi av grendalaget med dette som tema. 

Tilflyttingspatruljen består av Øyvind Taklo, Marit Aklestad, Elisabeth Dimmen, Erlend Walseth, Lars Vatne Nielsen og Tor Grunde Simonsen.  

Samstundes opprettar Sæbø Grendalag no også si eiga Facebook-side. Her kan ein skrive messenger-melding rett til oss med spørsmål eller informasjon, og grendalaget kan lettare nå ut med info om dugnadar, møter og aktivitetar. Facebook-sida til Kapteinkvia vil halde fram som før, og omhandle aktivitetar som skjer der.

Vi håpar dette nye tiltaket blir teke godt imot, både av bygdefolket og potensielle tilflyttarar!