FLOTT SYKKEL GÅVE TIL HJØRUNDFJORDHEIMEN FRÅ

SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

 

Pårørandegruppa på Hjørundfjordheimen, med Kari Hustadnes Muren og systra Grethe Monslaup i spissen, hadde lenge ynskja at bebuarane skulle kunne få ein Motitech sykkel på Hjørundfjordheimen. –Spesielt for dei som har mista/redusert styrken sin og kanskje ikkje klarar å gå mykje lengre , men sit mykje i ro , og i rullestol. – Då er denne sykkelen eit fantastisk tilbod å kunne nytte seg av.

Sjå link Motitech.

Pårørande gruppa sende søknad til Sparebank 1 SØRE SUNNMØRE, og hadde møte med dei, og viste til andre plassar dei hadde slik sykkel, med godt resultat av bruken.

Sparebank 1 SØRE SUNNMØRE tende på ideen, og ville gjerne hjelpe, og gi støtte til dette prosjektet, -noko vi er svært takksame for.

 Hjørundfjordheimen

Sykkelen er komen i hus, som de ser av bilda, og er veldig mykje brukt. Det blir som ein sosial arena også, der EIN syklar, og mange andre pasientar er «med» på turen. – Val av turar er enormt stort, både i Noreg og i andre land. – Kanskje har brukaren vore på ferie på denne plassen,- kanskje har dei  bodd på denne plassen , eller ungane bor der no ? – Eller kanskje me berre har lyst denne ettermiddag å sykle ein tur i Paris i vårsola ?

Motitech kjem til Sæbø , Bondalen, Hjørundfjorden og skal filme sykkelruter i lokalmiljøet når våren kjem. – dette gler vi oss til , då vi har lagt inn ynskje om kvar sykkelrutene skal være lokalt.

Det er sykkelruter i Volda, Ulstein, Ålesund og lignande i nærområdet frå før. –Alle som kjøper sykkel i heile verda får lagt inn sine ynskjer om turar, og alle kan bruke ALLE sine turar.

Det er eit fantastisk godt aktivitetstilbod for oss på Hjørundfjordheimen, og vi er svært takksame for at vi har fått denne gåva med sparebank1 SØRE SUNNMØRE- i regi av pårørandegruppa vår.

Hjørundfjordheimen

TUSEN TAKK!

Vi vil gjerne oppmode ALLE som vil , pårørande, venner, bygdefolk om å ta turen innom heimen vår, besøke ein bebuar/ venn, og ta en sykkeltur. – vi er svært hjelpsame med å skru på sykkelen.- Kanskje har nokon vore ilag på busstur eller ferie i Spania eller andre plassa, der ein kan gjennoppleve litt turen ?

Vi er ofte på tur, stadig på nye plassar der vi har tema som fengjer, og praten går like fort som trødene på sykkelen !

TUSEN TAKK TIL PÅRØRANDEGRUPPA PÅ HJØRUNDFJORDHEIMEN OG SPAREBANK1 SØRE SUNNMØRE FOR GÅVA!    - VI ER TAKKSAME !

-         Og velkommen innom for å ta ein tur, saman med oss.

Venlig helsing bebuarar og ansatte på Hjørundfjordheimen