Byttebixen er ein ide om at ein kan ta med ei leike å bytte den i noko anna. Det vert lagt ut bilete av nokre av tinga i byttebixen på sida vår Loppebuda på facebook. Vi tenkjer at dette er verd å prøve. Born har veldig mykje leike, og istaden for at ting ligg å ikkje vert brukt, eller ein kjøper nytt kan det å bytte vere eit alternativ. Vi tek også imot om nokon har noko dei vil gi av leiker til byttebixen. Alltid kjekt med eit godt utvalg.

Loppebuda og kafeen var godt besøkt på åpningsdagen. Denne gongen vil vi mellom anna ha kaker, fastelavensbollar vaffler og gjærbakst. Vi har også noko glutenfritt. 

Dersom nokon har lopper dei vil gi vekk til Loppebuda så tek vi med glede imot. Det må vere små ting som får plass i hyllene. Ta kontakt på 47688650 helst sms eller mail lisvatne@gmail.com.

Laurdag 14 mars tenkjer vi å ha klebyttedag i tillegg til Loppebuda og kaffen er åpen. Då kan du tinge deg ein stand ( bord/ ta med klestativ sjølv) å selje kle og sko som du tenkjer kan gå vidare.  Gi eit pip til meg om du er interessert i å tinge deg ein stand. 50 kr pr stand.

Hjertelig velkommen ❤

FB_IMG_1581847102078