Også denne vinteren vert det arrangert landbrukskonferanse i Ørsta. Og føredragshaldarane er mellom dei beste i landet.  Programmet finn du her:

https://www.orsta.kommune.no/aktuelt/oppdatert-landbrukskonferansen-2020.67995.aspx

Alle førdragshaldarane er flinke, men legg likevel spesielt merke til Live Skinnes - ho vart nyleg kåre til den beste førdragshaldaren i landet:

https://www.gardsfruene.no/

Og er du interessert i reiseliv og tursimesatsing - og det bør i alle fall gjelde hjørundfjordingane - så er Jorid Skotte Svendsen absolutt ei som ein bør lytte til.  Meir kunnskap finn du her:

https://www.handplukket.no/hotels/vauldalen/

Og så har vi Tony Barmann frå klimasmart landbruk.  Han er spesielt viktig no når Klimakur-utgreiinga er langt fram (et mindre raudt kjøt om du vil berge klimaet):

https://klimasmartlandbruk.no/

Sjølvsagt må også Hovdenakk Hjort AS nemnast - dei kjem. og organisasjonssjefen i Møre og Romsdal bondelag, Arnar Lycke, kjem også og snakkar om klimaråd som strir mot sunt bondevit.

Konferansen startar i år med innlegg og påfylgjande debatt der deltakarane er Geir Pollestad, Leiar av Stortingets næringskomite og sentral i Senterpartiet,  Svein Arne Lie, økonom, forfattar og tydeleg røyst mot den gjeldande landbrukspolitikken og Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

Utan tvil er her mykje kunnskap og hente både frå lek og lærd, gardbrukar og folk i reiselivsbransjen.

Det er nærast utruleg at ein skal greie å arrangere ein slik stor landbrukskonferanse her i Ørsta kommune år etter år.  Det er Ørsta og Volda bonde- og småbrukarlag og bondelaga i Ørsta kommune, skogbruksnæringa og Ørsta kommune som står bak, men utan hjelp frå Ørsta Næringskontor og Odd Magne Winjevoll hadde dette ikkje gått.

Dette er slett ikkje ein konferanse berre for gardbrukarar, men det er likevel særs viktig at også gardbrukarane møter fram - bruk gjerne ein fridag om du er i anna arbeid. Vi kan like det eller ikkje like det, men bøndene må få med seg trendane i tida og produsere dei råvarene kundane vil ha.

Og dette er også ein konferanse for kvinner, menn og småbarnsforeldre som lurer på kva som bør stå på matbordet. 

Det er og viktig at reislivsnæringa møter opp.  Denne næringane vil etter kvart verte avgjerande for om der skal bu folk i distrikta.  Og kanskje kan ein få kunnskap om korleis samarbeidet mellom landbruk og reiseliv kan betrast ytterlegare?

Absolutt alle er hjarteleg velkomne - same kvar du bur.  Prisen er kr. 300,-, inkludert ein glimrande middag.