I dag, fredag den 21. februar kom denne karen, noverande fiskar, heim frå Afrika.  Han har nyleg vore på Kilamonjaro, men brukar no dei næraste dagane til å gå gjennom foto og finne ut kva han bør ha med avhistorie når han kjem til Bondalen grendahus.

Det er Hjørundfjord bondelag som inviterer til børs/hyggekveld, men vi inviterer alle som ynskjer å høyre på  ein svært så hyggeleg og flink, ung mann.  Som nemnt i ingressen var han både lubben og kondisjonssvak då han starta turen.  Om han er damelaus no også veit vi ikkje, men også det får vi som skal møte opp sikkert vite.

Som sagt; det er Hjørundfjord bondelag som iviterer, men dette er ope for alle.  Vi skal ha kaffi og litt å bite i så vi må ta kroner 30,- i inngangspengar for ikkje-medlemar.  Vi vonar likevel at dette ikkje vert eit hinder.

IMG_20180417_215805_332

20180815_130754

På dei to fotoa ser vi den same mannen, altså Iver Svanhildson Viddal.  Kva for eit som er før og etter  Noreg-på-langs turen, må vi lure på til onsdag.

Vel møtt til alle.