Påmelding snarast og innan 1 februar. Det vert eit tak på 24 spelarar i denne turneringa. Aldersgrense er 10 år.

Marius Riise er regjerande meister, då han vann denne turneringa i 2019.

Det vert også mykje anna sjakkmoro på Dampen denne laurdagen frå kl 14-17. Aktivitetar der vi vil fremme sjakkinteressa, og syne at sjakk er moro for både store og små, unge og gamle. Inkludert også ein sjakkquiz med premie til vinnaren. Berre å møte opp :)

Det vert også kiosk med sal av mat og drikke.

Hjørundfjordmeisterskapet startar kl 18.00, og vert stødig leia av Jan-Erik Hansen, som i fjor. Påmeldingsavgift kr 50,- betaler ein direkte i kontanter på Dampen turneringsdagen. Frist for påmelding altså 1 februar, men meld deg på raskt, 24 plassar fyllast opp fort.

Meld deg på direkte til Jan-Erik Hansen enten til mobil 908 28473, eller ved å sende han ei melding på Messenger.

Vel møtt!

https://www.facebook.com/events/813075009158390/