I morgon tek Hjørundfjord barnekor til med eit nytt semester! Vi øver annankvar torsdag kl.15.00 - 16.00 på Sæbø bedehus. Borna kan gå rett frå skulen til bedehuset, der det er ope frå ca.14.40. Vi har mykje kjekke oppdrag på semesterplanen: bl.a synge på gudsteneste, konsert på Sæbø i lag med Sunnmøre ungdomssymfoniorkester, barnefestival på Sæbø og vi er også invitert til å vere med på konsert i lag med PopKORn (barnekor frå Vartdal).

Altså, første øving i morgon, og både gamle og nye born er hjarteleg velkomne!Frå 1.klasse og oppover. Spørsmål?  Ta gjerne kontakt med Marie Austrheim Riise, tlf:45235996. Epost: marie.austrheim@orsta.kyrkja.no