Det var ei utruleg kjekk overrasking som kom på 3.dje dagsfesten på Bondalen grendahus, at vi skulle få prisen som Årets Bondaling for 2019 for arbeidet som har vore lagt ned i mange år for at vi skal ha korps i bygda. Skulekorpset vart vidareført som generasjonskorps etter 2008, og vi vil takke alle som har stått på opp igjennom åra som har sørga for at bygda har hatt både skulekorps og hornmusikk. 

IMG_0763

Vi set stor pris på og vil takke alle som hjelper og støttar korpset på ulike vis.  Det kan vere gjennom å lage kaker, bidra med gevinstar og hjelp til arrangement, sponsorstøtte og midlar osv. Det er mykje arbeid å drive korps, og ting gjere seg ikkje sjølv.  Vi vil takke alle som står på for å halde hjula i gong og alle som har stått på og gjort dette før oss slik at vi kan vidareføre korpset.

Vi er veldig glade for å ha fått til igjen tilbod om opplæring på blåseinstrument gjennom kulturskulen.  Per idag har vi no 8 aspirantar som går på 2. året og 4 på 1. året. Desse får opplæring på Sæbø skule med lærarar frå kulturskulen, og det har mykje å seie at dei får tilbodet lokalt. I fjor byrja vi litt med aspirantkorps for dei som har spelt eitt år, og av og til spelar dei ilag med sjølve korpset. Det er veldig kjekt! Dirigenten våra Ingvild er musikalsk leiar for dette arbeidet og synest det er kjekt. 

På julemarknaden til korpset fekk vi vist dei fram, dei spelte både åleine og saman med korpset.  Det vart ein triveleg marknad. :)

Aspirantar julemarknad 2019

Aspirantane i sving :) Dei har vorte veldig flinke! (Foto: Siw Lillebø) 

Aspirantar julemarknad 2019 2

Flinke aspirantar! :) (Foto: Anette Dagfinnrud) 

Nissebesøk julemarknad 2019     Det var kjekt at nissen kom på besøk også :) :) 

No har vi eit nytt spennande korpsår i vente, og vi skal finne på mykje kjekt!  Vi vert utruleg glade for kvar gong vi får nye medlemmar i korpset , så dersom du har lyst til å vere med, er det berre å seie ifrå! Vi har det utruleg kjekt saman og korps er ein flott hobby som ein kan ha heile livet. Det har vi fleire døme på i korpset, der er det mange som har spelt i veldig mange år og bidrege med flotte tonar!

Varme helsingar frå musikantane i Generasjonskorpset :)