Vi er nokre som har halde på nokre kveldar og fristunder i januar å pussa opp gangen nede ved sida av kjellarstova til dette formålet. Ideen har modnast sakte men sikkert, og så kom endeleg lysta til å starte på arbeidet med å lage klart.
Konseptet er slik at du kan få leige deg ei hylle ( ca 75 x 30 cm ) for 50 kr i året. På hylla di sette du fint opp dei sakene / loppene du vil selje og kva pris du vil ha for kvar ting. Så set vi opp ditt Vippsnummer på hylleplassen din slik at folk Vippsar deg når dei kjøper nokon av dine ting. Om ein ikkje har Vipps set ein eit merka syltetøyglas på hylla, slik at folk kan betale kontant. Konseptet er litt ala Hønseriet på Riise.
Vi har lodda stemninga litt på førehand, og det såg ut til at mange kunne tenkje seg å leige seg ei hylle og bidra til ein variert og spennande loppebutikk. På hylla kan du t.d ha : Pynteting, leiker, kjøkkensaker, småverktøy, bøker, strikkegarn m.m. det er viktig at tinga er reine og heile.
Når butikken er åpen vil der vere ein som har oppsyn med butikken. Ellers er tanken at dette går av seg sjølv. Når ein leiger ei hylle har ein ansvaret for å passe på at hylla er fylt opp og ser innbydande ut. Vi vil prøve framover våren å halde nokre kafeføremiddagar ( laurdag / søndag ) Den kan også vere åpen t.d når det er strikkekafe eller andre arrangement.
Dersom du er interessert i å leige deg ei hylle: Ta kontakt med meg.
Tlf: 47688650. Det vert først til mølla prinsippet. Vi har ca 15 hyller til å leige ut no til å starte med.
De andre som ikkje vil leige hylle er sjølvsagt hjerteleg velkomne til å sjå og handle i Loppebuda, eller berre for å nyte kake, gjærbakst, og kaffi i kaffen. Vi nyttar berre inngangen til kjellaren denne dagen.
Hjerteleg velkomne ❤
Kommentarar