Vårens hovudframsyning på Hjørundfjord Filmteater. Vi vartar opp med “The Queen of soul” på stort lerret og fleirkanals lyd i Hjørundfjord kyrkje. Vi pakkar det heile inn med innleid lydmann for optimal lyd, levande gospeljazz før filmen av Sigurd Ose og Tor Grunde Simonsen, samt introduksjon før filmen av Espen Aarseth.

VIKTIG INFO!
Sjølv om kyrkja er stor, er ikkje dette ein vanleg kinosal, og nokre plassar er betre enn andre. Om det skulle bli mange på søndag, er det fyrstemann til plassane. Men om du vil sikre deg og dine gode plassar kan du førehandskjøpe billettar på:

VIPPS: 133135 til Hjørundfjord Filmteater
Skriv namn og tall billettar og vis vipps-kvittering på framsyninga. Billettar betalt t.o.m. laurdag 1. februar reknast som førehandskjøpt.

Inngang: 150 kr per person.

Ein legendarisk konsertfilm frå 1972 i restaurert versjon med Aretha Franklin i storform, ei internasjonal popstjerne som drar tilbake til røtene sine - gospelmusikken. Full av musikalsk overskudd og inspirasjon. Ein elektrisk stemning i salen det slår gnister av, og ein glede og råskap i sangen som gjer at folk blir i ekstatisk stemning. Kom og opplev ein musikalsk skatt utanom det vanlege!

USA dokumentar 1972/2018
Tilleten for alle.

Plakat Amazing Grace 3