Julemarknaden er eit viktig arrangement for korpset, og vi gledar oss kvart år til å arrangere den. Oppslutnaden på julemarknaden er god kvart år, noko vi er utruleg takknemlege for. Vi kan også i år love triveleg basarstemning med flott musikk, triveleg prat, tombola, åresalg, trekking av loddbok og eit flott sunnmørsk kakebord! (Også med glutenfrie alternativ.) Og kanskje kjem nissen? :) Vi håpar iallefall det.  Både korpset og dei flotte aspirantane skal spele, og Astrid Hustadnes vil leie oss gjennnom basaren. 

Dirigent for korpset er Ingvild Hamnaberg. Ho lovar flott musikk og god stemning på basaren :) 

Dersom nokon fleire har lyst å bidra med gevinstar til utlodding eller hjelp vert vi utruleg glade for det :) 

julegrantenning

                                                                                   (Foto: Rune Sæbønes)

   Både kyrkja og Generasjonskopset ynskjer alle velkomne til ei fin førjulsstund 2. søndag i  advent.


   

Lysmesse

img_3880