NOVEMBERPROGRAMMET på Hjørundfjord Filmteater 

I den mørke månaden november må det skje litt - og sjølvsagt skal det vere gode filmar på filmklubben. 

Søndag 3. November er det barneframsyning med MAUR I ROMPA, ein nederlandsk barnefilm om fyrsteklassingen Bram - som er ein fantasifull og nysgjerrig gutt, men også litt rampete og vilter. For det er ikkje berre berre å starte på skulen, når ein heller vi ut å leike, enn å sitje i ro ved pulten. Ein flott familiefilm med norsk tale! 

maur

 

Same dag søndag 03.11  er det film for vaksne med fjorårets film KAPERNAUM, eit drama frå Libanon om korleis den unge guten Zain må takle ein brutal kvardag i storbyen, når han må klare seg sjølv. Dette er ein sterk film som har gått sin seiersgang verda rundt, og vann mellom anna Juryens pris i Cannes. Hovudrollen er fantastisk spilt av Zein Ali Alrafih, som no er busatt i Noreg og Hammerfest. Ein gripande film du ikkje kjem til å gløyme. 

kapernaum

Torsdag 14. November er det tid for haustens andre filmsalong med 12 FORTAPTE MENN. Vi skal til andre verdskrig og eit dusin fangar dømt til anten livstid i fengsel eller døden får valet: Ta sin straff, eller verve seg til opptrening eit farleg oppdrag bak fiendens linjer. Humor, spenning, og action i tonnevis i denne klassikaren. Introduksjon før filmen om sjangeren “Menn på oppdrag”, som dette er eit klassisk døme på! 

dirty

Vel møtt til framsyningar i november!