Det er ei stund att til 1 desember og årets julemesse på bedehuset, men tida går fort. Vi er alt igang med å førebu og planlegge messa. Dei fleste utstillarane er gjort avtale med. I år vil vi prøve å ha standar også ute om veret tillet det, og skape eit stemningsfult julemiljø ved inngangspartiet til bedehuset. Det vert kafe i kjellarstova men ikkje det vanlege kakebordet. Meir informasjon om dette etter kvart.  Nokre kulturelle inslag vil det også verte på scena inne i salen. Heilt uformelt medan folk kosar seg og handlar. I ein lavo ute på plassen vil det verte lest juleeventyr for born.

Også i år gir utstillarane ein gevinst til loddboka vår, så der vert det mange fine gevinstar, og det vert høve til å kjøpe seg lodd på julemessa. Inkomsten på lodd og kafeen går til bedehuset.

For dykk som er på facebook, følg sida vår : Julemesse Sæbø. Der vert det lagt ut informasjon om utstillarar m.m. Her på portalen vil det også kome meir informasjon når det nærmar seg.

Då er det berre å glede seg til årets julemesse.