Stig Ulv skapar lyden av norsk natur - og det er vanskeleg å høyre musikken utan å oppleve sanseinntrykk av naturen som faktisk allereie er rundt deg. Med låtar som "Tindar", "Haustvind", "Stød" og "Perla" kjenner ein at det er nettopp herifrå musikken kjem frå - at klang, rytme og melodi har blitt til mellom fjord, fjell og folk. Og med seg har han denne gongen diktaren Hilde Myklebust - ein diktar som skriv vart og rikt om nettopp naturen og menneska som bur der, i både dikt og romanar, for vaksne og born. Hilde Myklebust har gitt ut ei rekkje diktsamlingar, og har også vunne Lyrikkprisen på Ulvik poesifestival.

 

I dette kunstneriske møtet vil poesi og musikk løfte kvarandre, og dei må saman lytte seg fram til eit felles språk - som blir eineståande for denne konserten.

På kaia, ved fjorden, under fjella. For Hjørundfjorden skal ramme det inne. Det vil passe så godt.

Det vert sal av vin, øl og suppe. De er velkomne!
..........................................................................................................
I grålysinga teiknar steingardane
mjuke linjer kring dei bleike markene
Tippoldefar fann desse steinane
Kvar ein stein festa han auga på
og såg etter former og kantar
søkk og kvelvingar
som kunne høve saman

Utdrag frå diktsamlinga Kvar ein fugl av Hilde Myklebust. Det Norske Samlaget 2018.

Laurdag 05.10 kl 20.00 


Sæbø DS Ekspedisjon.