Grunna regnver måtte arrangementet utsettast forige helg, men nå er ny dato sett, og søndag 22. september brakar det laust.
"Mattisskogen" (ved Vetesteinen på Holen) opnar kl. 18.30. Arrangementet startar 19.00.
Ronja Røverdatter er ein kjend skikkelse i norsk barnekultur, men få av dagens barnegenerasjon har sett filmen på kino med stort lerret. Å nytte skogen i nærområdet som “scenisk bakteppe” for nettopp denne filmen trur vi blir ein heit spesiell oppleving! Røvarkoret Hjørundfjord mannskor vil delta med song til arrangementet. Dette trur vi vert eit arrangement både store og små vil ha glede av.
I skogskiosken får du mellom anna kjøpt Ronjas nøttegodt, røvar-popcorn og heimebaka Lovisbrød - for dei som vil ha litt enkel kveldsmat.
Dei som ynskjer det må gjerne leite fram eit røvarkostyme! Eller kanskje dukkar det opp nokre huldretussar (åffer då då)?
Meir informasjon om arrangementet finn ein på Facebooksida til Hjørundfjord filmteater.
Velkomen til både store og små!
Kommentarar