SEPTEMBERPROGRAMMET på Hjørundfjord Filmteater!

Planen var å starte semesteret 14. september med vår hovudframsyning som blir skogskino med RONJA RØVERDATTER . Dette vert ein spektakulær visning med mange involverte - der vi har samarbeid med både herrane i Hjørundfjord mannskor, samt Animation Volda-festivalen. Sjølv om dette er ei framsyning for heile famlien - er det fokus på at arrangementet er retta spesielt mot barn. Aldersgrense er 6 år, yngre barn kan vere med foreldre etter eigen vurdering. På grunn av eit skikkelig møkkaver vert denne framsyninga UTSETT, men vi satsar på at det blir framsyning rimeleg snart, når veret blir betre! 

Ronja

Torsdag 26. September er det sesongstart for vaksne med den islandske komedien KVINNE PÅ KRIGSSTIEN. Dette er eit samarbeid med Forskningsdagane under temaet “Miljø”. Framsyninga er gratis - og det blir innleiing frå Helga Synnevåg Løvoll frå Høgskulen i Volda. Dette er ein veldig morsom film - men med eit alvorleg undertone. Hovudrolla er ei kvinne som på overflata lev eit liv som upåfallande samfunnsborgar, men som på fritida driv aktiv sabotasje mot monstarmaster og anna styggedom, noko utanlandske selskap forsøkar å etablere i den urørte islandske naturen. Det lokale mot det internasjonale, David mot Goliat, natur mot imperialisme! Gå ikkje glipp av denne perla av ein film!

Kvinne