Ivar Mork er eit kjend namn for mange på Sæbø. Oppvaksen på Bjørke, og ein mann som passa til det Sigmund Årseth ein gong sa om det han såg på som den opphavlege Hjørundfjordingen, nemleg ein person der "fjella aldri fekk hindra for utsynet mot verda".
Humanist, politikar og sjølvaste "Indie-dad" på Indiefestivalen; Ivar er ein mann med mange hattar. Denne kvelden kjem han for å lansere den nye boka si, "Reisegalskap 2", ved å fyrst og fremst snakke om reisa si i det merkelege sosialistiske diktaturet med familiedynasti: Nord-Korea!
Det heile starta med nokre facebookoppdateringar frå Ivar sine reiser, men desse utvikla seg etter kvart til å bli så populære at han bestemte seg for å lage ei bok av dei! For Ivar reiser ikkje alltid dit andre reiser: Iran, Transnistra, Tsjernobyl og Nord-Korea har vore på Ivar si "bucket-list". Boka "Reisegalskap" fekk gode meldingar, deriblant:
"Det er gneistrande godt skrive, og vi tek oss i å le høgt medan vi les, noko som - tru oss - ikkje er kvardagskost. Men boka inneheld også passasjar som er meir til ettertanke, til dømes kva vendingar livet kan ta for einskildmenneske forfattaren har møtt på ferda si" (Vikebladet)
Reisegalska vart utseld - men begge bøkene vert tilgjengeleg for sal denne kvelden, og Ivar er også klar for å signere om du vil. Årets julegåve? Verkeleg mogleg! Men alt ligg iallfall til rette for ein kanonkveld i den rustikke atmosfæren på sjølvaste dampskipekspedisjonen. Det vert humor og humanisme - artige observasjonar om stort og smått:
Jan-Erik Hansen vert quizmaster på ein geografiquiz, som vert krydra med andre typer spørsmål. Det vert låg terskel - og alle som deltek er vinnarar (sjølv om berre ei gruppe vinn ein premie). Det vert dessutan godt med rom for prat og sosialt samvær.
Det vert sal av suppe, vin og øl.
Kommentarar